KONFERANSE KONSEPT

Eventyrleg vinter

Eit nytt og friskt perspektiv på konferansen

Plenum: 400

verdens beste møteplass
3 døgn

Kan utvidast: Ja

Heim » Konferanse »  Eventyrleg vinter

Som å segle inn i ein draum

Dette konferansekonseptet er ei storslagen reise i natur, fag og nye kontaktar. Konferansen startar med eit realt hakeslepp - ein spektakulær seilas med alle ombord, heilt i frå historiske Bryggen i Bergen, inn Sognefjorden med landgang i Flåm. Kan du tenke deg ein bedre start?

 
Foto Sverre Hjørnevik

Minglemiddag i Myrkdalen

Ved ankomst i Flåm går reisa vidare med buss til Myrkdalen. Der ventar ein tipileir med plass til alle under samme tak, og ein uformell icebreaker utover kvelden rundt bålet før ei god natts søvn i fantastisk frisk fjelluft.

Icebreaker

Myrkdalen er den perfekte ramma for ein uformell og sosial icebreaker. Med naturen som bakteppe og hotellet for dykk sjølve, er settingen rigga for god flyt og gode samtalar. Kjøkkenet sørger for lokale smakar av både vilt og tamt på tallerkenen, og med avslappa rytmar i bakgrunnen rullar sola ned bak fjelltoppane.

WINTER-FAMTRIP-2019-SVERREHJORNEVIK-4323-18499524-Foto_Jon_Hunnalvatn_Ton_opt
MYRKDALEN-HUSKIE-DOGSSLEDING-SVERREHJORNEVIK-01878-11527590-Foto_Sverre_Hjornevik_opt

Opplev noko saman

Etter ein solid og lokal frukost neste morgon, ventar ein fantastisk aktivitetsmeny. Opplev den magiske vinternaturen på Voss med ski eller truger på beina, eller ta toget med Flåmsbana og opplev den ville vestlandsnaturen utan å vera redd for å fryse på beina. Få luft under vingene i vindtunnelen,  eller utforsk tradisjonar og handverk på Mølstertunet. Menyen er like lang som den er variert.

Aktivitetsmeny

Fag der du minst venter det

Lunsj serverast av to gode naboar - Fleischers Hotell og Scandic Voss deler togperrong og byr begge på unike kvalitetar og menyar. Historisk og tradisjonelt, eller framoverlent og moderne? Magien ligg i kontrastane!

Etter lunsj ventar parallellsesjonar i ein spennande miks unike møteplassar: Store Ringheim, Mølstertunet, Hangurstoppen, Vandrarheimen, Kapellankåken og Kulturhuset byr alle på særskilde kvalitetar og ulike perspektiv. Me kallar det innsikt med utsikt.

Etter fagleg påfyll er det på tide å vekke dei andre sansane. Park Hotel Vossevangen har ein av dei mest mangfaldige og prisbelønte vinkjellarane i heile verda. Her kan du både sjå, lukte, smake på og høyre om vinar dei fleste berre kan drøyme om. Ein spesialkomponert konferansemiddag ventar - sjølvsagt med faste og flytande smakar i eit spektakulært samspel.

Parallelle sesjoner

Luftig avslutning

Den siste dagen på konferansen går det rett til topps. Hangurstoppen ligg på 818 meter over havet, og gondolturen opp er ei oppleving i seg sjølv. De svever frå mast til mast over ekstremsportbygda, og glir umerkeleg stille oppover og inn i eit levande flyfoto. Vel framme ventar eit panoramaskue over alle fjelltoppane rundt, som dannar bakteppet for ein plenumssesjon ulik nokon annan. Hangurstoppen Restaurant serverer ein heilhjerta lunsj, før de svever tilbake til sivilisasjonen og ein heimtur på skinner.

 

Overnatting på dei unike sentrumshotella

Eventyrleg vinter

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.