KONFERANSE KONSEPT

Natur i sentrum

Konferanse som bruker heile bygda med breakout, lunsj og aktiviteter på unike sentrumsnære lokasjonar.

Plenum: 500

Parallellsesjonar på 6 unike plassar
frå lunsj til lunsj - 1 døgn

Kan utvidast: Ja

Heim » Konferanse »  Natur i sentrum

Bruk heile bygda

 

Lunsj-til-lunsj program, med plenumssamling og breakouts på 6 unike lokasjonar i bygda.

 
Photo_Jon_Hunna_opt_22

Tog til Voss

Du kjem til Voss med toget, som tek deg gjennom naturskjønne landskap og set stemninga for det som ventar. Vel framme nyt du ein deilig lunsj på hotellet før du sjekkar inn på ein av våre mangfaldige overnattingsstader. Voss har rom for ein kvar smak, frå dei sjarmerande boutiquehotella til topp moderne fasilitetar.

Glimt av kulturarv

Alle deltakarar samlast til plenumssesjon i Vossasalen, der felespel og lausdans frå scena gir ein energisk start på konferansen og eit glimt av bygda sin rike kulturarv.

Bilde6_nycopy_opt
Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn__5_Linn Ravndal Norevik

Parallellar over heile bygda

Deretter går turen vidare til break-out sesjonar på fleire spanande lokasjonar: Store Ringheim, Mølstertunet, Hangurstoppen, Vandrarheimen og Voss Kulturhus. Her får du ny fagleg inspirasjon, i ein miks av mindre og større grupper, med nok av rom til både inspirasjon og engasjement.

Parallelle sesjonar på 6 unike plassar

Natur, kultur og nettverksbygging

Etter fagleg påfyll ventar nye opplevingar. Kos deg med ein av dei mange aktivitetane Voss har å tilby. Velg mellom unike aktivitetar og opplev det mangfaldige Voss på sitt beste! Kast deg ut i eventyret med ski på beina, eller fordjup deg i lokal kultur med handverk og lokalmat på Mølstertunet. For dei ekstra luftige idéane kan me by på landets beste vindtunnel, og for dei som vil nyte både utsikt og innsikt kan me tilby vinsmaking i ein av verdas aller beste vinkjellarar.

Kvelden fortset med mottaking og sidersmaking, og ein deilig konferansemiddag der det sjølvsagt er lokale råvarer på bordet.

Dag to startar med ein lokal frukost, full av smakfulle spesialitetar frå Voss, før turen går vidare til Park Hotel for fagleg påfyll, oppsummering og avslutning av programmet i plenum. Lunsj serverast på historiske Fleischers og heilt nye Scandic Hotel. Begge desse hotella ligg kloss i togstasjonen, så det er lett å få alle ombord på toget.

Overnatting på desse hotella

KORT FORTALT

Dag 1

Reise

Tog til Voss

Lunsj

Innsjekk og lunsj der ein skal overnatte. Etterpå vert alle transporterte frå sitt hotell til plenumssesjonen i Vossasalen.

Park Hotell
Scandic Voss
Fleischers Hotell
Elva Hotell
Store Ringheim
Plenum

I Vossasalen på Park Hotell: Fagleg påfyll og innslag av lokal kultur

Breakout sessions

Transport til valgt sesjon med gondol, buss eller til fots i sentrum.

Hangurstoppen
Tema 1

Aktivitet:  Langrenn/ trugetur

Store Ringheim
Tema 2

Aktivitet: Lokal mat og kultur

Mølstertunet
Tema 3

Aktivitet: Omvising og hardingfele

Elva
Tema 4

Aktivitet: Lokale bobler og boblebad

Vandrarheimen
Tema 5

Aktivitet: Badstu og isbading

Kulturhuset
Tema 6

Aktivitet: Konsertoppleving

Konferansemiddag

Mottaking på Park Hotell Vossevangen: Sidersmaking med Siderruta frå Ulvik · Konferansemiddag i Vossasalen

Dag 2

Plenum

I Vossasalen på Park Hotell: Keynote, oppsummering og avslutting.

Lunsj
Park Hotell
Scandic Voss
Heimreise

Tog frå Voss

Natur i sentrum

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.