Opplev lokalmat og lær om handverkstradisjon i vakre omgjevnader på Mølstertunet.
Mølstertunet ligg høgt og fritt med fin utsikt over Vossavangen og er ein del av Voss folkemuseum. Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar. Husa står der dei ein gong vart sette, ingen ting er flytta til eller frå. Dette gjev eit autentisk innblikk til byggeskikk og levemåte i eldre tid. Garden er gamal, truleg frå før vikingtida. Frå1521 var det to brukarar på Mølster. Husa deira er samla i eit rekkjetun, ein tunskipnad som var vanleg i vossabygdene. I samlingsbygget like ved står den store basisutstillinga «Utsyn mot Voss» som handlar om historia til Voss dei siste 400-500 åra.