Velkomen til gards der du møter ei anna verd, eit hus med sjel, rustikke tømmervegger, fine detaljar og ei roleg atmosfære. Nye og uvanlege omgjevnader gjev inspirasjon og grobotn for nye tankar, nye perspektiv.
Ei samling på Store Ringheim handlar om å ha gode arbeidsforhold, få god service og nyta god lokal mat. Alt det andre rundt samlinga tek me oss av, slik at de kan konsentrera dykk heilt om det som de kjem hit for.
Nede i Smalaflor’n kan de vera inntil 40 personar og oppe i Tømmerstova inntil 20 personar. I tillegg kjem fleire lounge- og mingleområde.
Våre standard møtepakker dekkar dei fleste behov og inkluderer det de treng for å gjennomføra ei god samling; lokale, teknisk utstyr, mat og drikke, – samt overnatting i vårt boutiquehotell. Me skreddarsyr gjerne møtepakker ut frå dykkar ynskje og behov.
Kombiner gjerne ei samling hjå oss med nokre av dei mange aktivitetane Voss har å by på.