Det er noko heilt spesielt med Fleischer’s Hotel. Du merkar det med ein gong du står utanfor den imponerande trebygningen, med sine høge tårn, spir og karnapp i ein fascinerande kombinasjon av sveitserstil og dragestil. Når du stig inn i resepsjonen, ser du signaturane til storheiter frå ei svunnen tid som har vore her før deg. Når du går gjennom dei ærverdige gangane, kan du høyre historia hviske til deg. Set deg ned i den elegante spisesalen, slik som keisar Wilhelm av Tyskland gjorde, slik Edvard Grieg gjorde, ja, slik til og med fyrsten av Siam gjorde. Fleischer’s Hotel er ikkje berre eit overnattingsstad – det er ein levande del av historia på Voss.