Alle kan fly! I vindtunnelen kan du oppleve korleis det er å hoppe i fallskjerm – utan å hoppe ut av eit fly. VossVind er Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel og passar frå alle mellom 5-105 år.
Å fly i vindtunnel er ei unik oppleving. Det å komme seg ut av komfortsonen og prøve noko nytt saman skaper samhald og meistring. Flyging er for alle og einkvar – her finst ingen hindringar (sjølv om du har eit handikap eller trur du er for gammal) og det trengs ingen forkunnskapar. Hjå VossVind flyr du i frå fyrste sekund!