EVENT KONSEPT

Alle i samme båt

Eventyrleg lagbygging med innhaldsrikt program. Eit unikt event med mange opplevingar og aktivitetar.

Plenum: 250

lagbygging og samhald
frå lunsj til frukost - 2 døgn

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Alle i samme båt

Fjord til fjell

Frå fjord til fjell, frå festlege middagar til adrenalinfylte aktivitetar – dette eventet styrkar samhaldet, byggjer kultur og skapar varige minner. Opplev korleis naturen kan inspirere og motivere, og ta med nye perspektiv og fornya lagånd tilbake til kvardagen. Bli med oss på denne uforgløymelege ferda og kom tilbake til jobb med ei sterkare og meir samansveisa gruppe.

Foto: Jon Hunnølvatn

Me startar med alle ombord

Med alle ombord startar turen med ei unik og samlande naturoppleving. De går ombord i Bergen, og turen går innover den ikoniske Hardangerfjorden. Reisetida frå Bergen til Granvin er rundt 3-4 timar, avhengig av vêret og omstenda på fjorden. Undervegs får de sjå dei majestetiske fjella som stig rett opp frå fjorden, dei sildrande fossane, og dei små pittoreske bygdene som ligg som perler langs vasskanten, og kanskje ein flokk med spekkhoggarar om de er ekstra heldige. Ombord kan de slappe av i komfortable seter og nyte utsikta gjennom dei store panoramavindauga, eller gå opp på dekket for å kjenne den friske fjordlufta.

Screenshot 2024-06-18 at 19.46.39
Voss Resort, foto Åsmund AArsand(21) copy

Minglemiddag med panoramautsikt

Vel framme sjekkar de inn på våre førsteklasses hotell i sentrum, klare for å utforske og oppleve saman.

Når kvelden kjem, tar gondolen dykk til topps på Hanguren. Her ventar ei mottaking med kortreist sidersmaking,  god musikk og høg stemning. De avrundar dagen med ein herleg sosial minglemiddag, med panoramautsikt over vossafjella i solnedgang. Med Hangurstoppen reservert kun for dykk kan de nyte kvelden fullt ut.

Aktivitetar

Aktivitetar i verdsklasse og fest på Park

Voss om vinteren er i verdsklasse. Her går pudderalarmen nesten dagleg! Dei eventyrlystne kan gi seg ut på guida toppturar, oppleve vestlandets beste skiterreng i nedoverbakke, eller komme tett på naturen med guida trugetur gjennom vinterlandskapet. Er du varmblodig kan isfiske med bål (og kanskje bading?) vera tingen. For dei som drøymer om å fly er vindtunnelen det næraste du kjem eit fallskjermhopp utan å hoppe ut av eit fly. Smakssansane kan også få vinger når eit besøk i ein av verdas beste vinkjellarar er på tilbod, eller vil du heller på eit lynkurs i tradisjonsrik ølbrygging?

Den siste kvelden er det duka for ei energisk feiring i Vossasalen. Ein video av dagens mange aktivitetar klippast klar til visning på storskjerm, og de får underhaldning frå både kjendisar og lokale heltar utover kvelden. Kanskje vil de sette litt ekstra pris på nokre utvalde medarbeidarar med ein energisk seremoni? Denne kvelden vert uansett ein merkedag for historiebøkene.

Overnatting på desse hotella

KORT FORTALT

Dag 1

Reise

REISE TIL VOSS - med elektrisk båt (The Fjords) via Granvin, buss siste stykket.

Innsjekk

Innsjekk på Park Hotel Vossevangen, Scandic Voss og Fleischer's Hotel.

Park Hotell
Scandic Voss
Fleischers Hotell
Elva Hotell
Store Ringheim
Minglemiddag på Hanguren

GONDOLBANEN opp til Hangurstoppen. Mottakelse med sidersmaking frå Ulvik, hardingfeler og minglemiddag.

Gondolbanen

SISTE bane ned og takk for i dag

Dag 2

Frukost

Frukost der du bur

Aktivitetsmeny med lunsj inkludert

TOPPTUR

med Wild Voss

VINSAFARI

på Park Hotel Vossevangen

TRUGETUR

med Outdoor Norway

PUDDARTURAR

i Voss Resort

VINDTUNNEL

Fly med VossVind

ISFISKE med bål

Guida av Wild Voss

ØLBRYGGING

Lynkurs på Mølstertunet

TRUGETUR med bålmat

Vått og Vilt

Middag og show

i Vossasalen på Park Hotell Vossevangen

Dag 3

Frukost der du bur
Heimreise

Tog frå Voss

Alle i samme båt

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.