Opplevelse

Ølbryggingskurs

i tradisjonsrike omgivelser på Mølstertunet

Kapasitet: 50

Varighet: 4 timer

Kom og lær om den eldgamle bryggetradisjonen på kurs i ølbrygging med kveik og sprakje.

Heimabrygg, gardsøl eller Vossaøl er namn på ølet som i uminnelege tider har vore brygga på gardane på Voss. Saman med nokre få andre plassar i landet har tradisjonen overlevd her til moderne tid.

Ølet er ulikt moderne øltyper då det både inneheld einer og oftast vert brygga over open eld i koparkjele, i eldhus. Tradisjonelt blei ølet servert utan kolsyre i ølkjenge, eit drikkekar med hankar dekorert med hestehovud.

Det som gjer heimabrygget heilt unikt er kveiken. Kveik er ein ølgjær som har vore brukt på gardane, og som har blitt overlevert frå genereasjon til generasjon. No viser moderne DNA-analyse at kveiken er ein unik grein på slektstreet til alle ølgjær i verda.