EVENT KONSEPT

Innsikt med utsikt

Eit event for eventyrleg samhald og naturoppleving

Plenum: 200

Frisk i fjellet
frå morgon til morgon - 2 netter

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Innsikt med utsikt

Heile naturen for deg sjølv

Dette sosiale eventet er perfekt for å styrke samhald og felles målforståing. Med eit spekter av naturnære aktivitetar for einkvar type eventyrlyst, god mat av gode og lokale råvarer og eit lite sus av villmark er rammene satt for ei god og samlande oppleving for alle.

Myrkdalen ligg perfekt til for seg sjølv, og er eit eldorado for aktivitets- og naturopplevingar gjennom heile året. Eit meir naturleg utgangspunkt for å samle laget og oppleve spektakulær natur saman skal du leite lenge etter. De overnattar sjølvsagt komfortabelt på Myrkdalen Hotel, og har heile hotellet for dykk sjølve.

 
Photo_Jon_Hunna_opt_22

Det startar på perrongen

Opplevinga startar allereie på togperrongen, med lunsj på historiske Fleischers Hotel som ligg like ved Voss Stasjon. Her tek godt vertskap imot med nydeleg lokal servering og panoramautsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skuldrene senker seg og praten går lett mellom gode kollegaer, før de reiser vidare med buss til Myrkdalen.

BALDRY-CHRIS-6402_opt

Plenum og opplevingar

Etter innsjekk er det fagleg samling i plenumssalen Storebotn, som rundast av med smaking av ekte vossaøl. Om kvelden ventar eit gilde med vilt og lokalt på tallerkenen. Velkomst med smaking av ekte Hardangersider frå Ulvik, med forteljing og formidling frå produsentane sjølve. Det fantastiske kjøkkenet til Myrkdalen serverer kortreiste smakar på tallerkenen og sydleg sol i glaset, før kvelden renn ut i rytmar og drøs mellom borda ved peisen i Salto bar.

Bygge laget

Neste dag opnar naturen dørene for eit mangfaldig og vilt spekter av opplevingar. Om vinteren er Myrkdalen ein av dei mest snørike dalstrøka i landet. Om våren må bøndene i Myrkdalen faktisk fjerna snøen på jordene sine for at graset skal få gro! Som gjest i Myrkdalen er du difor garantert gode skiforhold til langt ut på våren. Aktivitetsmenyen byr på både ski i- og utanfor løypene, fantastiske toppturar med lokal guide, idylliske fjellskiturar og køyring med hundespann.

FJORDNORGE-FJORDSAFARI-28517-25556600-Foto_Sverre_Hjornevik_opt

Aktivitetsmeny

Vel gjennomført

Ved ynskje kan det etablerast ein oppvarma tipileir ved hotellet for ei ekstra naturnær oppleving rundt både fagleg samling, lunsj og middag. Leiren kan riggast sommar som vinter for både små og store grupper, og dannar ei magisk ramme for arrangementet med eit sus av villmark og ektefølt fellesskap rundt bålet. Her kan de også få lokal underhaldning, jaktforteljingar og røvarhistoriar eller intimkonsert med favorittartisten.

Kvelden renn umerkeleg på med nok eit gilde, og ei storslagen feiring av vel gjennomført innsats og fornya motivasjon til å ta fatt neste utfordring. De har hotellet for dykk sjølve, og kan la praten gå til dei små timar kjem sigande. Me rundar av opphaldet med ein solid frukost, før retur til Voss med bussar og heimreise med toget.

 

KORT FORTALT

Dag 1

REISE

Reise til Voss med tog

LUNSJ

Tidleg lunsj på historiske Fleischers Hotel

TRANSPORT

Busstransport til Myrkdalen

INNSJEKK

Innsjekk og omkledning

PLENUM

Felles fagleg agenda i konferansesal Storebotn

BRYGGING MED KVEIK

Smaking av ekte vossaøl i tipileiren

SMAK AV VILLMARK

Middag med vilttema i Restaurant Nuten

KONSERT

Privat konsert i Storebotn

Dag 2

FROKOST

Frokost og utsjekk, Myrkdalen Hotel

Aktivitetsmeny MYRKDALEN

Frikøyring med guide

Hundespannkøyring

Bålkos og villmarksliv

Skidag i Myrkdalen Fjellheisar

LUNSJ

Lunsj på Myrkdalen Hotel

TRANSPORT

Busstransport til Voss Stasjon

Heimreise

Retur frå Voss med toget

Innsikt med utsikt

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.