EVENT KONSEPT
Alle i samme båt
Eventyrleg lagbygging med innhaldsrikt program. Eit unikt event med mange opplevingar og aktivitetar.
Fjord til fjell
Frå fjord til fjell, frå festlege middagar til adrenalinfylte aktivitetar – dette eventet styrkar samhaldet, byggjer kultur og skapar varige minner. Opplev korleis naturen kan inspirere og motivere, og ta med nye perspektiv og fornya lagånd tilbake til kvardagen. Bli med oss på denne uforgløymelege ferda og kom tilbake til jobb med ei sterkare og meir samansveisa gruppe.
Me startar med alle ombord
Med alle ombord startar turen med ei unik og samlande naturoppleving. De går ombord i Bergen, og turen går innover den ikoniske Hardangerfjorden. Reisetida frå Bergen til Ulvik er rundt 3-4 timar, avhengig av vêret og omstenda på fjorden. Undervegs får de sjå dei majestetiske fjella som stig rett opp frå fjorden, dei sildrande fossane, og dei små pittoreske bygdene som ligg som perler langs vasskanten, og kanskje ein flokk med spekkhoggarar om de er ekstra heldige. Ombord kan de slappe av i komfortable seter og nyte utsikta gjennom dei store panoramavindauga, eller gå opp på dekket for å kjenne den friske fjordlufta.
Ein smak av Hardanger
Innerst i Hardangerfjorden ligg Ulvik - Noreg sitt svar på vindistriktet Champagne. Det norske sidereventyret er i ferd med å ta verda med storm, og her i Ulvik får de vera med på sidersmaking på gardane til produsentane av det som kanskje er verdas beste sider. Med Hardangerfjorden som bakteppe er dette garantert den mest idylliske starten ein konferanse kan ha.
Minglemiddag med panoramautsikt
Vel framme sjekkar de inn på våre førsteklasses hotell i sentrum, klare for å utforske og oppleve saman.
Når kvelden kjem, tar gondolen dykk til topps på Hanguren. Her ventar ei mottaking med kortreist sidersmaking, god musikk og høg stemning. De avrundar dagen med ein herleg sosial minglemiddag, med panoramautsikt over vossafjella i solnedgang. Med Hangurstoppen reservert kun for dykk kan de nyte kvelden fullt ut.
Lagbygging og fest
Neste dag er full av opplevingar. Med felles lagbygging og "Meistermøte" styrker me samhald i gruppa med kreativ problemløysing og utfordringar i grupper. Etterpå deler me gruppa i tre, mellom rafting og elvebrett i ville elvestryk, stisykling i utfordrande terreng og spektakulære fjellturar i vestlandsk natur.
Den siste kvelden er det duka for ei energisk feiring i Vossasalen. Ein video av dagens mange aktivitetar klippast klar til visning på storskjerm, og de får underhaldning frå både kjendisar og lokale heltar utover kvelden. Kanskje vil de sette litt ekstra pris på nokre utvalde medarbeidarar med ein energisk seremoni? Denne kvelden vert uansett ein merkedag for historiebøkene.
SAMANDRAG
Dag 1
Reise
REISE TIL VOSS - med elektrisk båt (The Fjords) til Ulvik
Oppleving
Velkomst og smaking av det som kanskje er verdas beste sider
Reise
Kort busstransport til Voss
Innsjekk
Innsjekk på Park Hotel Vossevangen, Scandic Voss og Fleischer's Hotel.
Minglemiddag på Hanguren
GONDOLBANEN opp til Hangurstoppen. Mottakelse med sidersmaking frå Ulvik, hardingfeler og minglemiddag
Dag 2
Frukost
Frukost der du bur
Fellesaktivitet
Meistermøte på Prestegårdslandet
AKTIVITETSMENY
Velg blant ulike aktivitetar. Lunsj er inkludert
Sykling / Rafting
med Outdoor Norway
Rafting / Elvebrett
med Voss Active
Fjellturar
med Wild Voss
Sidersmaking
med Siderruta
Middag og show
I Vossasalen på Park Hotell Vossevangen. Live musikk og stor feiring
Dag 3
Frukost
Frukost der du bur
Heimreise
Tog frå Voss
Kontakt oss for konseptet!