EVENT KONSEPT
Kultur for natur
Opplev ein inspirerande dag på Voss der kunnskap, kultur og natur smeltar saman.
Tettpakka motivasjon
Dette er eit effektivt og tettpakka event som samlar laget og motiverer til nye utfordringar - på berre 24 timar! Her får deltakarane ei uforgløymeleg oppleving som balanserer fagleg påfyll, sosiale aktivitetar og kulturbygging i rause porsjonar.
Ein innhaldsrik dag på Voss
Frå motiverande innspel og musikalske innslag til utfordrande og morosame aktivitetar, vert det lagt til rette for ei heilskapleg oppleving som styrker samhald, mangfald og fellesskap. Med stødig presisjon og vill natur i godt samspel, byggjer de både fundamentet og løfter inspirasjonen for vidare samarbeid og suksess. Med fagleg samling, god mat, ein spenstig aktivitetsmeny og ei storslått avslutting i Vossasalen på kvelden innanfor 24 timar er dette eit av dei mest tidseffektive konsepta på menyen vår.
Utsikt med kulturinnslag
De kjem til Voss med morgontoget, eller sjekkar inn på sentrumshotella kvelden før. Den store dagen startar med ei fellessamling i Voss Kulturhus, der de får både utsikt, innsikt og motivasjon i rause porsjonar. Lunsjen serverast på taket i lag med eit lokalt kulturinnslag som inspirerer. Etter lunsj er det berre å gje seg i kast med å oppleve bygda!
Fullpakka av opplevingar
Aktivitetsmenyen byr på eit breitt utval av opplevingar, frå luftig balansering i klatreparken og flyging i vindtunnelen, til sykling i vill natur og lette men spektakulære fotturar. Eit innblikk i tradisjon og kulturliv er også på tilbod, og ein av verdas beste vinkjellarar opnar dørene for dei som vil lufta smaksløkane.
Aktivitetar for alle
Fest på vossavis
Etter ein dusj og litt eigentid på hotellet er det tid for feiring! Ei nydeleg og velsmakande mottaking med gylne dråpar set standarden for resten av kvelden, medan Vossasalen står dekka med runde bord og eit bugnande underhaldningsprogram. Ein stødig og underhaldande festleiar losar oss gjennom kvelden, og erfaringane frå tidlegare på dagen kan delast med andre. Kvelden rundast av med gode samtalar ut i dei små timane, og etter frukost neste dag reiser de heim med ny motivasjon og styrka samhald i bagasjen.
KORT FORTALT
Dag 1
Reise
TOG frå Bergen. Grab & Go snacks på toget
Plenum
I biblioteket på Voss Kulturhus: Fagleg påfyll og innslag av lokal kultur
Lunsj
LUNSJ på det spektakulære kulturhustaket med panoramautsikt over Vangsvatnet.
Felles aktivitet
Ved Vangsvatnet, før alle kan velge fra aktivitetsmeny.
Aktivitetsmeny
BORDALEN
Vandring med Wild Voss
KLATRPARKEN
Klatring og zip-line med Voss Active
MØLSTERTUNET
Handverk og lokalmat
VINDTUNNEL
Fly hjå VossVind
VINSMAKING
På Park Hotel Vossevangen
BØMOEN
Sykkeltur med Outdoor Norway
Konferansemiddag
Mottaking på Park Hotell Vossevangen: Sidersmaking med Siderruta frå Ulvik · Festmiddag i Vossasalen
Dag 2
FRUKOST
Frukost og utsjekk
Heimreise
Tog frå Voss
Kontakt oss for konseptet!