EVENT KONSEPT

Framgang og fornying

Eit inspirerande event for ein ekstraordinær gjeng - her skal det feirast!

Plenum: 450

endring og strategi
2 dagar

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Framgang og fornying

Feiring og motivasjon
utan like

Her skal det motiverast på ekte Vossavis, med ei velfortent feiring - tre dagar til endes! Programmet er tettpakka med opplevingar og aktivitetar, med garanterte oppturar og meistring for kvar enkelt såvel som for laget i saman. Gjennom heile opphaldet er fokuset på å feire, inspirere og motiverere til fornya innsats!

DSC01291_opt

Overnatting på disse hotellene

Screenshot

Fleischer’s Hotel

Historie og Eleganse i Hjarta av Voss

Photo_Jon_Hunna_opt_1

Scandic Voss

Komfort og Praktisk Beliggenhet

Screenshot 2024-06-11 at 22.51.10

Park Hotel Vossevangen

Me ligg vakkert til ved Vangsvatnet i Voss sentrum

Mingling og nye perspektiv

Ved ankomst på ettermiddagen sjekkar de inn på sentrumshotella. Kvelden startar med ein sosial minglemiddag der skuldrene er låge, forventingane er høge og latteren sitt laust. Med kjente artistar på scena og ein laus og ledig profil gjennom kvelden er rammene satt for ein opptur utan like.

Neste dag ventar ein fantastisk aktivitesmeny breddfull av opplevingar og utfordringar for einkvar smak. Rafting i dei beste elvene i landet byr på ville og våte utfordringar utan sidestykke. I klatre- og ziplineparken skjerpar du balansen mellom tretoppane, og viss du er ekstra eventyrlysten kan du rapellere deg ned i fleire etappar gjennom den majestetiske Skjervsfossen. På Staup får du fyrsteklasses fjellklatring med trygge instruktørar og kjem tett på gardslivet og dyra der. I vindtunnelen kan du fly utan fallskjerm, og rapellere deg ned frå taket og bygge samhaldet med Meistermøte. Utandørs yoga og padling på Vangsvatnet byr på både innsikt og utsikt - medan guida stisykling er ein utfordrande aktivitet som garanterer meistring for alle.

Aktivitetsmeny

Dagens video i vossasalen

Etter ein god dusj er det duka for ei energisk feiring i Vossasalen. Ein video av dagens mange aktivitetar klippast klar til visning på storskjerm, og de får underhaldning frå både kjendisar og lokale heltar utover kvelden. Kanskje vil de sette litt ekstra pris på nokre utvalde medarbeidarar med ein energisk seremoni? Denne kvelden vert uansett ein merkedag for historiebøkene.

Etter ei skikkeleg feiring må ein gå inn for landing. Ein roleg dag i fjellet med grilling og bålkos på Slettafjellet er den perfekte avrundinga etter to fulle dagar med høgdepunkt på rad og rekke.

 

Dag 1

REISE

Reise til Voss med tog

INNSJEKK

Innsjekk på Scandic Voss

Innsjekk på Fleischers Hotel

Innsjekk på Park Hotel Vossevangen

FELLES MINGLEMIDDAG

Felles minglemiddag på Park Hotel Vossevangen

SHOW OG UNDERHOLDNING

Underholdning og show i Vossasalen på Park

Dag 2

Frokost

Frokost der du bur

TRANSPORT

Transport til aktivitetar

Aktivitet 2

Rafting med Voss Active

Klatre- og Ziplineparken

Fjellklatring og gardsmeistring på Staup med Wild Voss

Yoga, SUP og padling på Vangsvatnet med Outdoor Norway

Yoga, SUP og padling på Vangsvatnet med Outdoor Norway

TRANSPORT OG EGENTID

Returtransport til hotella for egentid og omkledning

MOTTAKELSE

Mottakelse på Park Hotel

Festmiddag

Festmiddag i Vossasalen med underhaldning og awards

SOSIALT

Festen fortsetter med DJ i Juvet på Park Hotel Vossevangen

Dag 3

Frokost

Frokost der du bur

UTSJEKK

Omkledning til fjelltur og utsjekk

FELLES FJELLTUR

Gondol til Hangurstoppen 818 m.o.h.

Rolig fjelltur med Wild Voss frå Hangurstoppen

LUNSJ I NATUREN

Grilling ved Storestova på Slettafjellet

RETUR TIL TOGET

Retur med gondol til Voss Stasjon

Hente bagasje

HEIMREISE

Heimreise med toget frå Voss Stasjon

Framgang og fornying

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.