KONFERANSE KONSEPT
For fulle segl
Alle ombord - dette er konferansen som går for fulle segl!
Heim » Konferanse » For fulle segl
Seilas til Flåm
Dette konferansekonseptet er ei storslagen reise i natur, fag og nye kontaktar. Konferansen startar med eit realt hakeslepp - ein spektakulær seilas med alle ombord, heilt i frå historiske Bryggen i Bergen, inn Sognefjorden med landgang i Flåm. Kan du tenke deg ein bedre start?
Minglemiddag i Myrkdalen
Ved ankomst i Flåm går reisa vidare med buss til Myrkdalen. Der ventar ein tipileir med plass til alle under samme tak, og ein uformell icebreaker utover kvelden rundt bålet før ei god natts søvn i fantastisk frisk fjelluft.
Icebreaker
Myrkdalen er den perfekte ramma for ein uformell og sosial icebreaker. Med naturen som bakteppe og hotellet for dykk sjølve, er settingen rigga for god flyt og gode samtalar. Kjøkkenet sørger for lokale smakar av både vilt og tamt på tallerkenen, og med avslappa rytmar i bakgrunnen rullar sola ned bak fjelltoppane.
Opplev noko saman
Etter ein solid og lokal frukost neste morgon, ventar ein fantastisk aktivitetsmeny. Slepp adrenalinet laus med rafting i dei beste elvene i landet, finn balansen mellom tretoppane i klatre- og ziplineparken - fly uten vinger i vindtunnelen, prøv elektrisk stisykling i det fenomenale stinettverket i Storåsen - eller kanskje ein spektakulær fjelltur med yoga på toppen er det som fristar?
Aktivitetsmeny
Fag der du minst venter det
Lunsj serverast av to gode naboar - Fleischers Hotell og Scandic Voss deler togperrong og byr begge på unike kvalitetar og menyar. Historisk og tradisjonelt, eller framoverlent og moderne? Magien ligg i kontrastane!
Etter lunsj ventar parallellsesjonar i ein spennande miks unike møteplassar: Store Ringheim, Mølstertunet, Hangurstoppen, Vandrarheimen, Kapellankåken og Kulturhuset byr alle på særskilde kvalitetar og ulike perspektiv. Me kallar det innsikt med utsikt.
Etter fagleg påfyll er det på tide å vekke dei andre sansane. Park Hotel Vossevangen har ein av dei mest mangfaldige og prisbelønte vinkjellarane i heile verda. Her kan du både sjå, lukte, smake på og høyre om vinar dei fleste berre kan drøyme om. Ein spesialkomponert konferansemiddag ventar - sjølvsagt med faste og flytande smakar i eit spektakulært samspel.
Luftig avslutning
Den siste dagen på konferansen går det rett til topps. Hangurstoppen ligg på 818 meter over havet, og gondolturen opp er ei oppleving i seg sjølv. De svever frå mast til mast over ekstremsportbygda, og glir umerkeleg stille oppover og inn i eit levande flyfoto. Vel framme ventar eit panoramaskue over alle fjelltoppane rundt, som dannar bakteppet for ein plenumssesjon ulik nokon annan. Hangurstoppen Restaurant serverer ein heilhjerta lunsj, før de svever tilbake til sivilisasjonen og ein heimtur på skinner.
Overnatting på dei unike sentrumshotella
Dag 1
Alle ombord
Statsraaden legg frå kai i Bergen
Lunsj
Lunsj ombord på Statsraad Lemkuhl
Landgang i Flåm
Busstransport frå Flåm til Myrkdalen
Innsjekk
Innsjekk på Myrkdalen Hotel
Icebreaker
Sosialt arrangement i tipileir ved hotellet
Middag
Lokale menyar i Restaurant Tunet og Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel
Dag 2
FROKOST
Frokost på Myrkdalen Hotel
Aktivitetsmeny
Fly med VossVind
Klatreparken
Fjelltur i Myrkdalen
Rafting med Voss Active
Sykkelturar
Handverk og Lokalmat på Voss Folkemuseum
Gardsmeistring på Løno
Yoga i fjellet
Siderruta i Ulvik
Fjordsafari med Norway's Best
LUNSJ
Lunsj på Fleischers Hotel
Lunsj på Scandic Voss
PARALLELSESJONAR
Store Ringheim
Mølstertunet
Hangurstoppen
Vandrarheimen
Vandrarheimen
Kulturhuset
Hardanger Saft- og Siderfabrikk
Kapellankåken
Konferansemiddag
Velkomst med gyldne dråpar på Park Hotel Vossevangen
Konferansemiddag i Vossasalen
Dag 3
Plenum
Frokost der du bur
Utsjekk og avreise
Heimreise frå Voss Stasjon med tog
Kontakt oss for konseptet!