KONFERANSE KONSEPT
Natur i sentrum
Konferanse som bruker heile bygda med breakout, lunsj og aktiviteter på unike sentrumsnære lokasjonar.
Heim » Konferanse » Natur i sentrum
Bruk heile bygda
Lunsj-til-lunsj program, med plenumssamling og breakouts på 6 unike lokasjonar i bygda.
Tog til Voss
Du kjem til Voss med toget, som tek deg gjennom naturskjønne landskap og set stemninga for det som ventar. Vel framme nyt du ein deilig lunsj på hotellet før du sjekkar inn på ein av våre mangfaldige overnattingsstader. Voss har rom for ein kvar smak, frå dei sjarmerande boutiquehotella til topp moderne fasilitetar.
Glimt av kulturarv
Alle deltakarar samlast til plenumssesjon i Vossasalen, der felespel og lausdans frå scena gir ein energisk start på konferansen og eit glimt av bygda sin rike kulturarv.
Parallellar over heile bygda
Deretter går turen vidare til break-out sesjonar på fleire spanande lokasjonar: Store Ringheim, Mølstertunet, Hangurstoppen, Vandrarheimen og Voss Kulturhus. Her får du ny fagleg inspirasjon, i ein miks av mindre og større grupper, med nok av rom til både inspirasjon og engasjement.
Natur, kultur og nettverksbygging
Etter fagleg påfyll ventar nye opplevingar. Kos deg med ein av dei mange aktivitetane Voss har å tilby. Velg mellom unike aktivitetar og opplev det mangfaldige Voss på sitt beste! Kast deg ut i eventyret med ei vandring i storslåtte Bordalsgjelet, fordjup deg i lokal kultur med handverk og lokalmat på museet, eller utfordre høgdeskrekken i klatreparken. For dei ekstra luftige idéane kan me by på landets beste vindtunnel, og for dei som vil nyte både utsikt og innsikt kan me tilby vinsmaking i ein av verdas aller beste vinkjellarar.
Kvelden fortset med mottaking og sidersmaking, og ein deilig konferansemiddag der det sjølvsagt er lokale råvarer på bordet.
Dag to startar med ein lokal frukost, full av smakfulle spesialitetar frå Voss, før turen går vidare til Park Hotel for fagleg påfyll, oppsummering og avslutning av programmet i plenum. Lunsj serverast på historiske Fleischers og heilt nye Scandic Hotel. Begge desse hotella ligg kloss i togstasjonen, så det er lett å få alle ombord på toget.
Overnatting på desse hotella
KORT FORTALT
Dag 1
Reise
Tog til Voss
Lunsj
Innsjekk og lunsj der ein skal overnatte. Etterpå vert alle transporterte frå sitt hotell til plenumssesjonen i Vossasalen.
Park Hotell
Scandic Voss
Fleischers Hotell
Elva Hotell
Store Ringheim
Plenum
I Vossasalen på Park Hotell: Fagleg påfyll og innslag av lokal kultur
Breakout sessions
Transport til valgt sesjon med gondol, buss eller til fots i sentrum.
Hangurstoppen
Tema 1
Aktivitet: Vandring / sykling
Store Ringheim
Tema 2
Aktivitet: Lokal mat og kultur
Mølstertunet
Tema 3
Aktivitet: Omvising og hardingfele
Elva
Tema 4
Aktivitet: På vatnet og lokale bobler
Vandrarheimen
Tema 5
Aktivitet: Badstu, padling og sykling
Kulturhuset
Tema 6
Aktivitet: Konsertoppleving
Konferansemiddag
Mottaking på Park Hotell Vossevangen: Sidersmaking med Siderruta frå Ulvik · Konferansemiddag i Vossasalen
Dag 2
Plenum
I Vossasalen på Park Hotell: Keynote, oppsummering og avslutting.
Lunsj
Park Hotell
Scandic Voss
Heimreise
Tog frå Voss
Kontakt oss for konseptet!