KONFERANSE KONSEPT

Møtekarusell i gondolen

Eit unikt og innovativt konsept! Perfekt for nettverksbygging, startups og investorsamlingar.

Plenum: 150

9 minutt er alt du treng
frå kveld til frukost - 2 netter

Kan utvidast: Ja

Heim » Konferanse »  Møtekarusell i gondolen

Verdens beste møteplass

Dette programmet er det einaste av sitt slag! I eit ekstremt målretta program er dette konseptet skreddarsydd for å fasilitere gode og effektive møter. Pefekt for investorsamling, startup-klynger eller nettverksbygging i bransjar med høg fart og stor grad av innovasjon.

Konseptet kan skalerast for ulike deltakarantal, der heile seks hotell kan inngå i romblokka.

Med eit unikt spekter av aktivitetar og møteplassar spesielt godt egna for nettverking, viser dette konseptet verkeleg at Voss er den beste møteplassen i verda.

 
Foto Øivind Haug

Mingling og aktivitet

Ved ankomst til Voss sjekkar du inn på ein av dei seks hotella Scandic, Park Hotel Vossevangen, Fleischers Hotel, Elva Hotel, Store Ringheim eller Myrkdalen Hotel. Transporten er organisert og tilrettelagt for at du kan delta på alt uavhengig av kor du vel å bu.

Etter minglelunsj i EXPO kan du melde deg på ein aktivitetsmeny som er spesiallagd for å bli kjent og nettverke: Gårdsmeistring, rafting, vindtunnel, SUP-samtale, walk and talk, vinsafari, sykkeltur i bømoen, paragliding og fallskjermhopping står på menyen. Unike anledninger til å møte nye folk, ha meiningsfulle samtalar og knytte personlige bånd.

Kvelden byr på ein sosial icebreaker-middag på Hangurstoppen, 818 meter over havet med panoramautsikt over fjelltoppar i solnedgang.

Aktivitetsmeny

bruk lokale parallell scandic

Scandic

Dag 2 startar med plenumssamling i den moderne konferansesalen til Scandic Voss, med visning av film frå aktivitetane dagen før og keynotes frå dei viktigaste stemmene i bransjen.

Speeddating i gondolen

I gondolbanen arrangerer me verdens mest unike speeddating-karusell. På 9 minutt pitcher du startup'en din til ulike investorar, eller nettverker med nye bransjekollegaer. På Hangurstoppen møtast de til ein livlig og laus minglelunsj - ein perfekt anledning til å plukke opp igjen dei mest spennande trådane etter gondolkarusellen.

Screenshot 2024-06-11 at 14.43.00
Bilde6_nycopy_opt

Expo i Vossasalen

På Park er det EXPO gjennom heile konferansen, både i Vossasalen og i fellesareala utanfor. Park ligg midt i sentrum, har god tilkomst for utstillarane og har mange gode og bookbare møterom.

Parallellsesjonar organiserast på unike sentrumsnære lokasjonar, med korte spaserturar i mellom som legg til rette for gode refleksjonar og samtalar på vegen i mellom.

Vis deg fram på toppen av Voss

Sponsorlunsj arrangerast på Hangurstoppen. Eit fantastisk lokale med uovertruffen beliggenhet, og mange gode muligheter for å vise fram og kaste glans over viktige sponsorar. Hangurstoppen har til og med den perfekte plassen for ein mini-expo på messaninen, vegg i vegg med eit moderne konferanserom for visning av film. Etter sponsorlunsjen på Hangurstoppen fortsetter dagen med keynotes på Scandic.

 

 

Romblokk hotell

Illustrasjon: SPRiLT

Dealmakers' party på Meieriet

I det gamle meieriet på Voss er scenen satt for ein sosial og storslagen fest. Med energisk underhaldning, fleire gode møteplassar og unik atmosfære kan du verkeleg slå deg ut med store bokstavar - i ein kveld som rett og slett gir deg det beste på Bygda.

Sammen om å runde av

Felles oppsummering og avslutning på Scandic runder av konferansen, før heimturen går på skinner med kofferten full av nye kontaktar - og kanskje avtalar?

Scandic Voss

Møtekarusell i gondolen

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.