EVENT KONSEPT

Historisk perspektiv

Samlinga som går opp eit nytt spor

Plenum: 125

kan utvides med ledersamling dag 0
frå lunsj til lunsj - 1 døgn

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Historisk perspektiv

Finn kursen og sett fart

Dette er samlinga som set fokus på å setja strategien, med historisk bakteppe! De startar med ei forsamling for leiargruppa på Store Ringheim i forkant, der de får jobba uforstyrra og konstruktivt med innhald og presentasjonar. På Ringheim får de heimelaga mat, inspirerande utsikt og takhøgde for gode diskusjonar. Når dei tilsette kjem er leiarane samla om planen, tydelege og klare for å trekke laget i samme retning.

 
bruk Mat1_Iselinn Tho Tønjum

Gode samtalar

Når dei tilsette kjem med toget sjekkar dei rett inn på Fleischers Hotel, og de møtest til ein felles lunsj med panoramautsikt over Vangsvatnet. Etter lunsj går de samla til Mølstertunet der plenumssalen ventar. Etter samlinga nyt de gode samtalar og fingermat før ei omvising på det historiske Mølstertunet, før de går tilbake til Fleischers.

Nye perspektiv

Litt seinare ventar bussar utanfor og tek dykk med til Smalahovetunet for ein tradisjonsrik og samlande middag, der praten går laust medan dei nye perspektiva får synke inn. Ein raus og lokal festleiar losar dykk gjennom kvelden, og de får både heimebrygg, felespel og gode historiar servert på rad og rekke.

Photo_Jon_Hunna_opt_1
langrennfotoA_opt

Aktivitet med meirsmak

Neste dag er det duka for ein formiddag med opplevingar som samlar, inspirerer og motiverer. Ein allsidig aktivitetsmeny med noko for einkvar smak ventar - med guida topptur i stor natur, langrenn eller puddarturar i lett eller meir krevjande terreng, og god gamaldags aking å velga mellom finn alle noko som gjev meirsmak.

Aktivitetsmeny

Avrundast med panoramautsikt

Turen rundast av med ein god lunsj på Hangurstoppen Restaurant, der de nyt lokale råvarer og godt selskap med panoramautsikt over vossafjella. Etter ein spektakulær gondoltur ned att til sivilisasjonen ventar toget som tek dykk heim att, med ny kunnskap og inspirasjon i bagasjen.

 

Overnatting på desse hotella

Screenshot 2024-06-12 at 00.22.48

Store Ringheim

Historisk Sjarm og Moderne Komfort.

Screenshot

Fleischer’s Hotel

Historie og Eleganse i Hjarta av Voss

KORT FORTALT

Dag 0

REISE

Leiargruppa reiser til Voss med tog

Transport til Store Ringheim

Innsjekk

Innsjekk på Store Ringheim

STRATEGISK LUNSJ

Faglig agenda over lunsjbordet

GRUPPEARBEID

Gruppearbeid i Tømmerstovo

Gruppearbeid i Flor'n

MIDDAG

Avslappa og lystig middag på Store Ringheim

Dag 1

REISE

Dei tilsette reiser til Voss med tog

INNSJEKK

Innsjekk på Fleischers Hotel

LUNSJ

Felles lunsj på Fleischers Hotel

TRANSPORT

Bussar eller fottur til Mølstertunet

PLENUM

Felles fagleg agenda på historiske Mølstertunet

OPPLEVING MED NOKO ATTÅT

Omvising på Mølstertunet

Fingermat og kulturell oppleving på tunet

EGENTID

Retur til hotella for egentid og omkledning

TRANSPORT

Busstransport til Smalahovetunet på Løne

OPPLEVING

Omvising på Smalahovetunet

FESTMIDDAG

Smalahovemiddag med underhaldning på Smalahovetunet

TRANSPORT

Busstransport tilbake til Fleischers Hotel

MINGLEFEST

Festen fortsetter i Fredriks Bar

Dag 2

FROKOST

Frokost og utsjekk

GONDOL

Gondol til Hangurstoppen 818 m.o.h

AKTIVITETSMENY

Frikøyring med guide i Voss Resort

Langrennstur i panoramaløypa

Topptur med Wild Voss

Aking i anlegget

LUNSJ

Lunsj på Hangurstoppen Restaurant

Heimreise

Retur med gondol til Voss Stasjon

Tog frå Voss

Historisk perspektiv

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.