Overnatting

Myrkdalen Hotel

Ein Perfekt Base for Året Rundt Eventyr

Total kapasitet: 375

Antal rom: 112

Myrkdalen Hotel ligg perfekt til med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt mest komplette skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om vinteren kan du nyte snøfylte eventyr rett utanfor døra, med alt frå alpint til langrenn. Når sommaren kjem, forvandlar området seg til eit eldorado for fjellturar i alle variantar, sykkelstiar for både nybyrjarar og erfarne syklistar, og adrenalin-fylte opplevingar for dei eventyrlystne. Med kort veg til fjordidyll kan du også oppleva det beste av norsk natur året rundt.

Myrkdalen Hotel tilbyr moderne komfort med sine velutstyrte rom, og her finn du ei rekkje fasilitetar som gjer opphaldet ditt både behageleg og minneverdig. Nyt spektakulær overnatting og matkultur, omgjeve av fantastisk utsikt mot fjell og skog. Usjenert og sentralt, vakkert og vilt – Myrkdalen Hotel er den perfekte staden for å oppleva Vestlandet sitt mangfald av natur- og friluftsopplevingar.