EVENT KONSEPT

Villmark i sentrum

Eit event utanom det vanlege, med den perfekte balansen mellom fasilitetar og friluft.

Plenum: 250

Det beste av ute og inne samtidig
frå kveld til morgon med 2 overnattingar

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Villmark i sentrum

Langt i frå langt!

Når du ikkje kan ta turen ut i villmarka, hentar me villmarka heim for deg! Opplev eit uforgløymeleg event der villmark møter moderne komfort og spennande aktivitetar midt i hjarta av Voss. Med rom for både fagleg påfyll i tipitelta, underhaldning og store naturopplevingar får de i pose og sekk. Denne turen inviterer dykk til å oppleva det beste av alt - ekte villmarkskjensle i gåavstand.

 
Bruk haik

Grilling på Haik

Start eventyret med ei herleg grilloppleving på terrassen til Scandic, som ligg like på togperrongen. Her får de servert nydeleg grilla mat laga av lokale råvarer medan de nyt den friske lufta og utsikten over Vangsvatnet. Denne avslappa og sosiale samlinga legg til rette for gode samtalar, venskapeleg mingling og ein lun start på kvelden.

Ut i naturen

Dette konseptet byr på eit vell av aktivitetar som treff alle interesser og gjer opplevinga til noko heilt utanom det vanlege. Kast deg ut i adrenalinfylte opplevingar som stisykling, padling og bogeskyting, eller finn roen med guida turar, yoga og bading med badstu. Alle aktivitetane byr på meistring, glede og fellesskap og naturnære møte.

Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn_2701_Linn Ravndal Norevik (1)
Tentipi-Event-Products-Event-tent-range-feature-image

Tipileir

Midt i det idylliske landskapet ved Vangsvatnet ligg tipileiren som ventar på å gje dykk ei sentrumsnær villmarksoppleving. De samlast rundt bålet, kjenner varmen frå flammane og nyt stemninga av å vere ute i naturen, men likevel nær alle moderne fasilitetar. Leiren er både samlingsttaden for det faglege påfyllet eller den nye strategien, og utgangspunktet for alle aktivitetane.

Aktivitetsmeny

Eit unikt event i ei unik bygd

Dette eventet er perfekt for selskapet som jobbar desentralisert, har avdelingar fleire stader eller for dei som berre treng å komme ut av kvardagen og ta ein real fot i bakken. Program og innhald er fleksibelt, med rom for tilpassing etter ønske. Voss har det beste av det meste, og gode gjester er alle dører opne. Velkomen!

Opplev frisk natur, moderne komfort og eventyrlege aktivitetar i perfekt balanse. Det startar med ei tilbakelent og avslappa mottaking på terrassen til Scandic, med grilling, musikk og laus prat mellom gode kollegaer.

Morgonen startar i tipileir ved Vangsvatnet. Med unik og idyllisk plassering like ved Vandrarheimen, med villmark og komfort i akkurat passe porsjonar. Brygging av øl med kveik, hardingfeler og bålkos er sjølvsagt også med. Det er aktivitetar både før og etter lunsj - de startar dagen med lagbyggingsaktiviteten "Meistermøte" og ein sprek aktivitetsmeny etter lunsj.

Med panoramautsikt over heile bygda er Hangurstoppen arena for ein kveld utanom det vanlege. Etter ei mottaking med smaking av Hardangersider, ventar ein festmiddag på det beste av kortreiste smakar. Etter middag får de eit energisk løft med levande musikk, før kvelden deler seg mellom dans og drøs. Etter gildet er over svevar de roleg ned med gondolen. Ein nydeleg frukost ventar neste morgon, før utsjekk og heimreise med toget som stoppar like utanfor døra på hotellet.

 

"Location - location - location"

KORT FORTALT

Dag 1

Reise

Tog til Voss

Grillfest på terassen

Mottakelse og grillfest på terrassen på Scandic. Minglearrangement med DJ

Takk for i dag

Dag 2

Frukost

Frukost på Scandic, gå til Vandrarheimen

Plenum

TIPILEIREN ved Vandrarheimen: Fagleg påfyll og innslag av lokal kultur

Aktivitetsbolk 1

Fellesaktivitetar med Vossamoro

Lunsj

Me samlas til lunsj i TIPILEIREN

Aktivitetsbolk 2

Velg frå sentrumsnære aktivitetar i menyen

SYKKELTUR

med Outdoor Norway

VINSAFARI

på Park Hotel Vossevangen

SUP

Padle elv eller innsjø ved Vandrarheimen

KAJAKK

Sjå Voss frå eit anna perspektiv

BADSTU

Varmt og godt ved Vandrarheimen

VOLLEYBALL

Lagbygging i sentrum

VINDTUNNEL

Alle kan fly hjå VossVind

BADING

Bading i elv, fjord eller innsjø

LEIK OG MORO

Boblefotball, øksekast og anna moro

Plenum

Plenum med ølsmaking på Vandrarheimen

MIDDAG OG FEST

GONDOLBANE opp til middag og fest på Hangurstoppen.

Dag 3

Frukost
Heimreise

Tog frå Voss

Villmark i sentrum

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.