KONFERANSE KONSEPT
Rett og slett konferanse
Konferansen med fokus på felleskap, samling og sosiale aktivitetar.
Heim » Konferanse » Rett og slett konferanse
Med naturen som bakteppe
Lunsj-til-lunsj program, med plenumssamling og aktivitetsmeny.
Tog til Voss
Du kjem til Voss med toget, som tek deg gjennom naturskjønne landskap og set stemninga for det som ventar. Vel framme nyt du ein deilig lunsj på hotellet før du sjekkar inn på ein av våre mangfaldige overnattingsstader. Voss har rom for ein kvar smak, frå dei sjarmerande boutiquehotella til topp moderne fasilitetar.
Glimt av kulturarv
Alle deltakarar samlast til plenumssesjon i Vossasalen, der felespel og lausdans frå scena gir ein energisk start på konferansen og eit glimt av bygda sin rike kulturarv.
Litt av ein pause
På konferansar med tett program kan det vera vanskeleg å få opplevd meir enn sjølve konferansen. På Voss kan du komme deg til fjells på 9 minutt med Voss Gondol og spasere rett ut i fjellandskapet på Hangurstoppen. På berre ein halv time kan du få både naturoppleving, ein eksepsjonelt god kopp med kaffi og ikkje minst eit nytt perspektiv på det meste.
Ein god start på dagen
Dag to startar med ein lokal frukost, full av smakfulle spesialitetar frå Voss. Uansett kor du bur på Voss er naturen tett på. Ein joggetur eller spasertur treng ikkje vera lang før du plutselig er i naturen - den perfekte starten på dagen er like utanfor døra.
De samlast på Park Hotel for siste bolk med fagleg innhald, oppsummering og avslutning av Vossasalen. Lunsj serverast på historiske Fleischers og heilt nye Scandic Hotel, som begge deler perrong med togstasjonen.
Overnatting på desse hotella
KORT FORTALT
Dag 1
REISE
Tog til Voss
Lunsj
Innsjekk og lunsj der ein skal overnatte. Etterpå vert alle transporterte frå sitt hotell til plenumssesjonen i Vossasalen.
Park Hotell
Scandic Voss
Fleischers Hotell
Elva Hotell
Store Ringheim
Plenum
I Vossasalen på Park Hotell: Fagleg påfyll og innslag av lokal kultur
Konferansemiddag
Mottaking på Park Hotell Vossevangen: Sidersmaking med Siderruta frå Ulvik · Konferansemiddag i Vossasalen
Dag 2
Plenum
I Vossasalen på Park Hotell: Keynote, oppsummering og avslutting.
Lunsj
Park Hotell
Scandic Voss
Heimreise
Tog frå Voss
Kontakt oss for konseptet!