EVENT KONSEPT
Opptur etter opptur
Ein real topptur utan ski eller fjellsko!
Det går oppover!
Dette er eventet for dei som stadig vil opp og fram. Her byr me på store natur- og matopplevingar på rad og rekke, heilt utan snø i nakken eller vann i buksa. Det er rett og slett ein tur for å nyte, begeistre og inspirere!
Rett til topps
Etter ankomst med toget på Voss Stasjon går det rett til topps med det samme. Eit spektakulært løft opp til heile 818 meter over havet med gondol er fyrste post på programmet. På Hangurstoppen ventar ein fagleg samling med panoramautsikt over vossafjella som bakteppe. Etter ein betre lunsj i godt selskap med kvarandre, tek de gondolen ned att til sentrum der bussane ventar.
Oppover til Myrkdalen
Bussturen til Myrkdalen er ei reise i seg sjølv, forbi Løne og vidare oppover langs den ville strandaelva og Tvinnefossen går turen stadig oppover. Vel framme ved Myrkdalen Hotel sjekkar de inn og får tid til å trekke den friske fjellufta inn før kvelden.
Lokal mat og underhaldning
Kveldsprogrammet er fullspekka med bobler og sol i glaset, nydeleg lokal mat på tallerkenen og underhaldning. Praten går laust og timane sklir ut i natta medan de drøser foran peisen i Salto eller slår ut håret i Pudder, før ei god natts søvn i frisk fjelluft ventar.
Ein eksepsjonelt god start på dagen
Heimreisedagen er ei oppleving i seg sjølv. Etter ei god natts søvn i deilig fjelluft står de opp til ein heilskapleg frukost. Etter utsjekk går turen til Flåm med buss, der Flåmsbana ventar på å ta dykk til nye høgder. Den spektakulære togturen er unik i sitt slag, der toget snirklar og karrar seg opp den bratte togbana til Myrdal. På Myrdal møter de Bergensbanen og toget som tek dykk heim, med fornya inspirasjon og samhald i bagasjen.
KORT FORTALT
Dag 1
REISE
Reise til Voss med tog
GONDOL
Gondoltransport frå Voss Stasjon til Hangurstoppen 818 m.o.h
PLENUM
Fagleg samling på Hangurstoppen
LUNSJ
Lunsj på Hangurstoppen Restaurant
TRANSPORT
Retur til sentrum med Voss Gondol
Bussar til Myrkdalen Hotel
Innsjekk
Innsjekk på Myrkdalen Hotel
FESTMIDDAG
Felles middag i Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel
Dag 2
FROKOST
Frokost på Myrkdalen Hotel
UTSJEKK OG AVREISE
Utsjekk og busstransport til FLÅM
OPPLEVING
FLÅMSBANA frå Flåm til Myrdal Stasjon
HEIMREISE
Heimreise med tog frå Myrdal
Kontakt oss for konseptet!