EVENT KONSEPT

Stødig som fjell

Eventet som har både bakkekontakt og høge ambisjonar.

Plenum: 100

God kultur bygd på rå natur
frå lunsj til lunsj - 2 døgn

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Stødig som fjell

Nøkkelen som opnar alle dører

Dette er opplevinga som har alt! Her får de både motivasjon, meistring, feiring og kulturbygging i rause porsjonar gjennom to ekstraordinære dagar. Programmet inneheld mange sosiale møte i ulike situasjonar, og er difor godt eigna for å bli trygg på både nye og gamle kollegaer. Den varierte aktivitetsmenyen byr på både mentale og fysiske utfordringar som passar eit heilt spekter av mennesketypar, aldrar og eventyrlyst. Dette eventet er rigga for å løfte laget.

 
Foto Øivind Haug

Fra Myrdal går det rett nedover

Turen startar med ein togtur til Myrdal Stasjon, som ligg heile 866 meter over havet. Derifrå går det rett nedover! Ein tur på skinner utan like med den ikoniske Flåmsbana tek dykk trygt ned til havnivå, forbi fossar og fjellsider og inn i det vestlandske fjordlandskapet. I Flåm ventar bussar som tek dykk  med til fantastiske Myrkdalen Hotel. Viss de vil kan heile hotellet reserverast eksklusivt for dykk.

Lokale råvarar

Etter innsjekk ventar ei fagleg samling i den rolege konferansesalen Storebotn, etterfulgd av ein kveld i restauranten der smaken av Hardanger fyller glaset og de får ei reise i norske ostar og lokale kvalitetsprodukt utover kvelden. Sider og osteprodusentane sjølv losar dykk gjennom opplevinga. Når gildet er over, ventar ei laus og sosial feiring med gode kollegaer i Pudder eller Salto bar på hotellet til ut i dei små timar.

WINTER-FAMTRIP-2019-SVERREHJORNEVIK-4323-18499524-Foto_Jon_Hunnalvatn_Ton_opt
Foto Chris Baldry

Heile dagen i naturen

Etter ein solid og lokal frukost, ventar ein aktivitetsmeny som ikkje står tilbake for noko. Slepp adrenalinet laus med rafting i dei beste elvene i landet, balansering mellom tretoppane i klatre- og ziplineparken - utfordre naturen med fjellsykling, eller bli med på ein spektakulær fjelltur med yoga på det beste utsiktspunktet. De får lunsj servert på aktiviteten, og kan nyta heile dagen i naturen.

Aktivitetsmeny

Vetlebotn, usjenert og idyllisk

Vel tilbake på hotellet ventar snart eit gilde av særskild karakter, der fjellstova Vetlebotn set dei unike rammene for neste sosiale høgdepunkt. Vetlebotn ligg usjenert og idyllisk for seg sjølv eit stykke opp i lia frå hotellet, med panoramautsikt over heile dalen. I naturen rundt fjellstova utfordrast de med kreativ problemløysing, bogeskyting og øksekast, og kan nyta bålkos og løysa verdensproblem medan me brygger øl på gamlemåten. Middagen serverast på Vetlebotn, med kortreist vilt på tallerkenen og sjølvsagt øl som er brygga av ein ekte vossing. Etter ein fin og lett fottur tilbake til hotellet i solnedgang, ventar drøs eller dans med gode kollegaer den siste kvelden. Etter frukost og utsjekk går turen til Voss, og vidare med toget langs Bergensbanen.

 

Vind i håret og ro i sjela

Aktivitetsmenyen byr på friluftsopplevingar som verkeleg kan få pulsen til å svinga. Vel mellom ein fjelltur med yoga på toppen, luftige utfordringar i klatreparken, heftig rafting gjennom brusande elver eller utfordrande sykling i vakre fjell. Lunsjen nyt de sjølvsagt ute i naturen, med god mat og frisk luft, før turen går tilbake til hotellet for ein roleg kveld rundt bålet med heilgrilla skrott og ei eventyrleg atmosfære.

Dag 1

REISE

Til Myrdal med tog

OPPLEVING

Tur med FLÅMSBANA frå Myrdal til Flåm

REISE

Til Myrkdalen med bussar

LUNSJ

Innsjekk og LUNSJ på Myrkdalen Hotel

PLENUM

Fagleg samling på Myrkdalen Hotel

FELLES MIDDAG

Middag med OST- OG SIDERTEMA på Myrkdalen Hotel

SOSIALT

FESTLIG SAMLING i Salto Bar på Myrkdalen Hotel

Dag 2

FROKOST

Frokost på Myrkdalen Hotel

AKTIVITETSMENY

(aktivitetane fortsetter)

AKTIVITETSMENY

Fjelltur med Wild Voss og Yoga med utsikt

Voss Klatre- og Ziplinepark

Rafting med Voss Active

Fjellsykling med Outdoor Norway

LUNSJ

LUNSJ i naturen

TRANSPORT

Vandring eller transport frå Myrkdalen Hotel til Vetlebotn Fjellstove i Myrkdalen

VETLEBOTN FJELLSTOVE

Villmarksaktivitetar med Wild Voss - lagbyggingsaktivitetar, bueskyting, øksekast

UTSJEKK OG HEIMREISE

RETUR TIL HOTELLET

Retur til Myrkdalen Hotel med transport

SOSIALT

FESTLIG SAMLING i Pudder på Myrkdalen Hotel

Dag 3

FROKOST

Frokost på Myrkdalen Hotel

UTSJEKK OG HEIMREISE

Bussar til Voss Stasjon

Heimreise med tog

Stødig som fjell

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.