EVENT KONSEPT

Innsikt med utsikt

Eit event for eventyrleg samhald og naturoppleving

Plenum: 200

Frisk i fjellet
frå morgon til morgon - 2 netter

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Innsikt med utsikt

Heile naturen for deg sjølv

Dette sosiale eventet er perfekt for å styrke samhald og felles målforståing. Med eit spekter av naturnære aktivitetar for einkvar type eventyrlyst, god mat av gode og lokale råvarer og eit lite sus av villmark er rammene satt for ei god og samlande oppleving for alle.

Myrkdalen ligg perfekt til for seg sjølv, og er eit eldorado for aktivitets- og naturopplevingar gjennom heile året. Eit meir naturleg utgangspunkt for å samle laget og oppleve spektakulær natur saman skal du leite lenge etter. De overnattar sjølvsagt komfortabelt på Myrkdalen Hotel, og har heile hotellet for dykk sjølve.

 
Screenshot

Det startar på perrongen

Opplevinga startar allereie på togperrongen, med lunsj på historiske Fleischers Hotel som ligg like ved Voss Stasjon. Her tek godt vertskap imot med nydeleg lokal servering og panoramautsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skuldrene senker seg og praten går lett mellom gode kollegaer, før de reiser vidare med buss til Myrkdalen.

Bygge laget

Vel framme i Myrkdalen ventar ein ettermiddag med lagbygging i naturen, med utfordrande lagaktivitetar og kreativ problemløysing i grupper. Etter innsjekk på Myrkdalen Hotel og litt eigentid er det tid for eit realt gilde. Me startar med ei smaking av ekte Hardangersider frå Ulvik, med inspirerande forteljing og introduksjon frå produsentane sjølve. Det fantastiske kjøkkenet til Myrkdalen serverer ville smakar på tallerkenen og sydleg sol i glaset, før kvelden renn ut i rytmar og drøs mellom borda ved peisen i Salto bar.

DSC01291_opt
BALDRY-CHRIS-6402_opt

Plenum og opplevingar

Neste dag startar med ei fagleg samling i plenum, med nyleg opplada kollegaer etter ei god natts søvn i frisk fjelluft. Etter lunsj opnar naturen dørene for eit mangfaldig og vilt spekter av opplevingar. Om sommaren startar du dagen midt i eit yrande dyreliv, og på hausten brettar naturen ut heile fargepalletten så langt du kan sjå. Myrkdalen er eit eldorado for naturnære opplevingar gjennom heile sommarhalvåret, og byr på opplevingar som du normalt må reise mykje lenger til fjells for å få. Aktivitetsmenyen byr på alt frå fjellfiske til eMTB sykling i fantastisk sykkelterreng, lagbyggingsaktivitetar og fantastiske fotturar med guide. Aktivitetane byr på store naturopplevingar, glede og meistring for alle.

Aktivitetsmeny

Vel gjennomført

Ved ynskje kan det etablerast ein oppvarma tipileir ved hotellet for ei ekstra naturnær oppleving rundt både fagleg samling, lunsj og middag. Leiren kan riggast sommar som vinter for både små og store grupper, og dannar ei magisk ramme for arrangementet med eit sus av villmark og ektefølt fellesskap rundt bålet. Her kan de også få lokal underhaldning, jaktforteljingar og røvarhistoriar eller intimkonsert med favorittartisten.

Kvelden renn umerkeleg på med nok eit gilde, og ei storslagen feiring av vel gjennomført innsats og fornya motivasjon til å ta fatt neste utfordring. De har hotellet for dykk sjølve, og kan la praten gå til dei små timar kjem sigande. Me rundar av opphaldet med ein solid frukost, før retur til Voss med bussar og heimreise med toget.

 

KORT FORTALT

Dag 1

REISE

Reise til Voss med tog

LUNSJ

Tidleg lunsj på historiske Fleischers Hotel

TRANSPORT

Busstransport til Myrkdalen

INNSJEKK

Innsjekk og omkledning

Aktivitetsmeny MYRKDALEN

Stisykling med Norways Best

Fjelltur med Wild Voss

Fjellfiske med Wild Voss

Bueskyting, øksekast og villmark med Wild Voss

BRYGGING MED KVEIK

Smaking av ekte vossaøl i tipileiren

VILLMARKSKVELD

Villmarksmiddag i tipileiren

KONSERT

Utekonsert i tipileiren

Dag 2

FROKOST

Frokost på Myrkdalen Hotel

PLENUM

Felles fagleg agenda i konferansesal Storebotn

LUNSJ

Utsjekk og lunsj på Myrkdalen Hotel

TRANSPORT

Busstransport til Voss Stasjon

Heimreise

Retur frå Voss med toget

Innsikt med utsikt

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.