EVENT KONSEPT
Frå vatn til vin
Eventet som utfordrar alle sansane
Ei reise i fleire typar dråpar
Her er opplevinga som på magisk vis forvandlar fullt fokus til ekte begeistring! Etter ein fagleg start tek turen ei overraskande vending, der smakar og glede og meistring i fellesskap følger som perler på ei snor. Eit strålande utgangspunkt for ei årssamling eller ei markert endring - men også midt i blinken for dei som berre treng å få jobben gjort og så verkeleg nyta naturen og samhaldet etterpå.
Plenum og matgilde
De kjem til Voss med toget og sjekkar inn på Park Hotel Vossevangen til ein god lunsj. Like etter ventar den faglege agendaen i plenum, før de eventuelt bryt ut i grupper for meir fokusert arbeid. Når jobben er gjort, ventar ein spasertur eller busstur opp til Store Ringheim der restauranten står dekka til eit matgilde av særskild kvalitet. Her er fokuset på gode og lokale råvarer, naturen sine sesongar og godt handverk på kjøkkenet. Med gode kollegaer rundt bordet heng det faglege påfyllet laust i lufta. Når mørket sig på kjem de tilbake til hotellet og kan la drøsen gå vidare der.
Felles meistring
Neste dag byr på både personlege utfordringar og felles meistring. Etter frukost startar dagen med Meistermøte, ein lagbyggingsaktivitet med kreativ problemløysing og utfordringar de meistrar best saman. Etterpå ventar ein god lunsj på historiske Fleischers Hotel, der vertskapet tek imot dykk i ærverdige lokale med panoramautsikt over Vangsvatnet og Gråsida.
Eventyrlyst
Aktivitetsmenyen på ettermiddagen har noko for ein kvar type eventyrlyst. Vel mellom luftig flyging i vindtunnelen og rappelering frå taket, stisykling i fantastisk terreng eller utfordre lagarbeidet med rafting i dei beste elvene i landet. Her er det ulike grader av utfordring og adrenalin, og eit godt stykke lagbygging bakt inn i det heile. Om de vil kan aktivitetane filmast og forevigast, slik at alle får ta del i kvarandre sine opplevingar.
Aktivitetsmeny
Ei reise for sansane
Den siste kvelden er ei reise for sansane, og startar med Champagnesmaking i Park Hotel Vossevangen sin vidgjetne vinkjellar. Dei erfarne sommelierane fortel og forklarer, og losar deg stadig lenger inn i flyktige undertonar og fargerike smaksbilete. Så ventar ein festmiddag av dei sjeldne, sjølvsagt med bidrag frå vinkjellaren og eit spektakulært underhaldningsprogram. Her kjem også visninga av filmen frå dagens aktivitetar, til stor begeistring og med fortryllande evne til å binde folk enno tettare saman. Etter middagen startar den delen av festen som Vossingar kallar "alle mot alle" - då er det dans og drøs, og opp til kvar enkelt å setja sin eigen kurs gjennom natta.
Neste dag ventar ein solid og restituerande frukost, før utsjekk og heimreise som går på skinner.
Dag 1
REISE
Reise til Voss med toget
LUNSJ
Innsjekk og lunsj på Park Hotel Vossevangen
PLENUM
Felles fagleg samling på Park Hotel Vossevangen
PARALLELSESJONER
Gruppe A i Vossasal A
Gruppe B i Vossasal B
Gruppe C i Vossasal C
EGENTID OG OMKLEDNING
Egentid og omkledning før kvelden
TRANSPORT
Buss eller fottur til Store Ringheim
MIDDAG OG UNDERHOLDNING
Heilhjerta middag på Store Ringheim
RETUR TIL HOTELLET
Buss eller spasertur tilbake til Park Hotel Vossevangen
FESTEN FORTSETTER
Minglefest på Park Hotel Vossevangen
Dag 2
FROKOST
Frokost på Park Hotel Vossevangen
AKTIVITETSMENY
Flyging og rapellering hos Voss Vind
Stisykling med Outdoor Norway
Rafting med Voss Active
Havkajakk med Vått og Vilt
RETUR TIL HOTELLET
Retur til hotellet for egentid og omkledning
OPPLEVING
Champagnesmaking og omvisning i vinkjelleren til Park Hotel Vossevangen
FESTMIDDAG
Festmiddag med show og underholdning i Vossasalen
Dag 3
FROKOST
Frokost og utsjekk
HEIMREISE
Reise med tog frå Voss stasjon
Kontakt oss for konseptet!