EVENT KONSEPT

Rett til topps

For begeistring som ikkje kan venta! God balanse mellom oppleving og innhald.

Plenum: 50

Fokus på samhald
frå morgon til lunsj - 1 overnatting

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Rett til topps

...og rett på sak!

Dette eventet ventar ikkje på nokon! Ein tjuvstart for dei utolmodige som berre vil rett ut i naturen, med fantastiske matopplevingar og rom for fagleg inspirasjon litt seinare.

Historiske Fleischers Hotel tek imot dykk ved ankomst tli ein herleg brunsj med lokale råvarer og godt vertskap. Etter innsjekk er det tid for å spenne på seg turstøvlane og oppleve Vossafjella på sitt beste. Ein halvdagstur med fjellguide nydeleg turterreng byr på ein real opptur saman. Turen kan sjølvsagt leggast opp lett og fri, eller by på meir krevjande terreng om de ynskjer det. På ettermiddagen får de fly for dykk sjølve i vindtunnelen der alle får oppleve både utfordring og meistring. Når de har landa etter flyginga ventar litt eigentid på hotellet, før kvelden startar med smaking av hardangersider frå Ulvik der siderprodusentane sjølv presenterer og fortel. Så ventar ein nydeleg middag med lokale råvarer og godt i glaset på Fleischers, med gode kollegaer og underhaldning frå scena, før kvelden sig ut i dei små timar med gode samtalar.

Neste dag startar med ein solid frukost før de samlast til fagleg påfyll og utvikling på den unike garden Store Ringheim. Opplevinga rundast av med ein god og tradisjonsrik lunsj, før de reiser heim inspirerte og fylde av motivasjon og fornya samhald.

Parallelle sesjonar på 6 spanande stader

Om konseptet

Dette eventet kombinerer friluftsliv, kulinariske opplevingar og fagleg utvikling i eit herleg og velbalansert program over to dagar. Med inspirasjon og samhald som drivkraft er dette ei uforgløymeleg oppleving der motivasjon og meistring går hand i hand. Med god mat, gode samtalar og felles opplevingar i naturen er dette eventet perfekt for å samle laget og inspirere til fornya innsats.

Screenshot 2024-06-12 at 01.06.16

Dag 0 (Opsjon)

REISE

Reise til Voss med tog

Innsjekk

Innsjekk på Fleischers Hotel

Dag 1

REISE

Reise til Voss med tog

INNSJEKK

Innsjekk på Fleischers Hotel

BRUNSJ

Felles BRUNSJ på Fleischers Hotel

Aktivitet 2

Flyging i vindtunnelen med Voss Vind

Aktivitet 1

Topptur med Wild Voss

MOTTAKELSE MED SIDERSMAKING

Smaking av Hardangersider frå Ulvik på Fleischers Hotel

FESTMIDDAG

Festmiddag på Fleischers Hotel

Dag 2

FROKOST

Frokost på Fleischers Hotel

UTSJEKK OG TRANSPORT

Utsjekk frå hotellet og transport til Store Ringheim

PLENUM

Felles fagleg samling på Store Ringheim

LUNSJ

Lunsj på Store Ringheim

Heimreise

Transport til Voss Stasjon

Tog frå Voss

Heimreise

Rett til topps

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.