EVENT KONSEPT

Best i motvind

Eit aktivitetsbasert program med både utfordringar og motivasjon for alle. Avsluttast med eit herremåltid.

Plenum: 40

Meistring og felles opplevingar
frå ettermiddag til frukost - 2 overnattingar

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Best i motvind

Eit solid løft for laget

Denne turen er ei real vitamininnsprøyting! Med eit mangfaldig, sosialt og opplevingsrikt program frå morgon til kveld, er alle garanterte å få utbytte i rause porsjonar. De har heile Vandrarheimen for dykk sjølve under opphaldet, som ligg fantastisk til ved Vangsvatnet like ved Voss sentrum.

 
Foto Karoline Fosse

Grilling, strand og badstu

De reiser til Voss med toget etter endt arbeidsdag, og vandrar saman den korte turen frå stasjonen til Vandrarheimen. Her sjekkar de inn, og slappar av utover kvelden med laus stemning, grilling av lokale beist og fyr i peisen viss det regnar. Vangsvatnet ligg og lokkar med eit bad, og med vedfyrt badstu og strandlinja heilt for dykk sjølve er det lett å la seg frista. SUP-brett ligg klare ved vatnet og byr på ein liten ekspedisjon for dei med god balanse.

Med lause rammer og gode møteplassar er dette eventet perfekt for små og mellomstore bedrifter som vil samle laget og motivere, men er også midt i blinken når du ynskjer å utfordre dei tilsette med ei aktiv oppleving som byr på flust av kortreiste smakar og lokalt særpreg.

Vindtunnel, terrengsykkel eller havkajakk

Neste morgon startar dagen med ein heilskapleg frukost med kortreiste og økologiske råvarer, og ein kopp god kaffi på terrassen med utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Deretter ventar ein dag full av aktivitetar, delt i to bolkar – før og etter lunsj – der du sjølv vel kva du vil gjera i kvar økt. Du kan fly fritt i Voss Vind, landets fyrste vertikale vindtunnel, der dyktige instruktørar gir deg ein luftig og morosam utfordring. Du kan gli stille fram på Vangsvatnet i havkajakk med Vått og Vilt, omgjeven av fjell og himmel. Eller du kan utfordra deg sjølv på terrengsykkel gjennom det fantastiske stinettverket i Bømoen med Outdoor Norway. Aktivitetane passar for ulike nivå og kan tilpassast slik at du får både meistring og eventyr – akkurat slik du ønskjer.

Sykkeltur3
Design.by.giske_Storeringheim_7022_Giske Berland copy

Herremåltid på Store Ringheim

På ettermiddagen ventar kanskje eit bad i Vangsvatnet, før ein god dusj og omkleding til festmiddag. De skal nemleg vidare til Store Ringheim, eit  sjelfullt ombygd gardstun, som no er botiquehotell med ein særdeles heilhjarta restaurant. Med utsikt over heile bygda får de ei eksklusiv sidersmaking frå Ulvik ved ankomst. Etterpå guidar det fantastiske vertskapet dykk igjennom ei reise med handplukka råvarer og ville smakar på tallerkenen. Etter middagen har lagt seg til ro trekk de attende til Vandrarheimen og rundar av dagen foran peisen eller med ein kveldsdukkert, eller kanskje ein drøs utover natta med gode kollegaer på terrassen.

Gode møteplassar

Med lause rammer og gode møteplassar er dette eventet perfekt for små og mellomstore bedrifter som vil samle laget og motivere, men er også midt i blinken når du ynskjer å utfordre dei tilsette med ei aktiv oppleving som byr på flust av kortreiste smakar og lokalt særpreg.

Dag 1

Reise

Tog til Voss

Innsjekk Vandreheimen

Innsjekk og sosiale aktiviteter

SUP
Bading
Grilling
Badstu
Fyr i peisen
Takk for i dag

Dag 2

Frukost

Med lokale råvarer

Aktivitetar
Vindtunnel
Sykling
Havkajakk
Lunsj

Felles lunsj

Aktivitetar
Vindtunnel
Sykling
Havkajakk
Middag på Store Ringheim

Et herremåltid bygd på lokale råvarer

Tilbake på Vandrarheimen

Kveldsbad eller drøs rundt peisen

Dag 3

Frukost
Heimreise

Tog frå Voss

Best i motvind

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.