EVENT KONSEPT
Rett til topps
For begeistring som ikkje kan venta! God balanse mellom oppleving og innhald.
Rett på sak
Dette eventet ventar ikkje på nokon! Ein tjuvstart for dei utolmodige som berre vil rett ut i naturen, med fantastiske matopplevingar og rom for fagleg inspirasjon litt seinare.
Topptur med luftig finale
Historiske Fleischers Hotel tek imot dykk ved ankomst tli ein herleg brunsj med lokale råvarer og godt vertskap. Etter innsjekk er det tid for å spenne på seg skia og oppleve Vossafjella på sitt beste. Ein halvdags topptur med fjellguide i nydeleg terreng byr på ein real opptur saman, og litt adrenalin på vegen nedatt. Turen kan sjølvsagt leggast opp lett og fri, eller by på meir krevjande terreng om de ynskjer det. På ettermiddagen får de fly for dykk sjølve i vindtunnelen der alle får oppleve både utfordring og meistring.
Lokale råvarar på Fleischer's
Når de har landa etter flyginga ventar litt eigentid på hotellet, før kvelden startar med smaking av hardangersider frå Ulvik der siderprodusentane sjølv presenterer og fortel. Så ventar ein nydeleg middag med lokale råvarer og godt i glaset på Fleischers, med gode kollegaer og underhaldning frå scena, før kvelden sig ut i dei små timar med gode samtalar.
Fag på Store Ringheim
Neste dag startar med ein solid frukost før de samlast til fagleg påfyll og utvikling på den unike garden Store Ringheim. Opplevinga rundast av med ein god og tradisjonsrik lunsj, før de reiser heim inspirerte og fylde av motivasjon og fornya samhald.
Natur, kultur og utvikling
Dette eventet kombinerer friluftsliv, kulinariske opplevingar og fagleg utvikling i eit herleg og velbalansert program over to dagar. Med inspirasjon og samhald som drivkraft er dette ei uforgløymeleg oppleving der motivasjon og meistring går hand i hand. Med god mat, gode samtalar og felles opplevingar i naturen er dette eventet perfekt for å samle laget og inspirere til fornya innsats.
KORT FORTALT
Dag 0 (Opsjon)
REISE
Reise til Voss med tog
Innsjekk
Innsjekk på Fleischers Hotel
Dag 1
REISE
Reise til Voss med tog
INNSJEKK
Innsjekk på Fleischers Hotel
BRUNSJ
Felles BRUNSJ på Fleischers Hotel
Aktivitet 1
Topptur med Wild Voss
Aktivitet 2
Flyging i vindtunnelen med Voss Vind
MOTTAKELSE MED SIDERSMAKING
Smaking av Hardangersider frå Ulvik på Fleischers Hotel
FESTMIDDAG
Festmiddag på Fleischers Hotel
Dag 2
FROKOST
Frokost på Fleischers Hotel
UTSJEKK OG TRANSPORT
Utsjekk frå hotellet og transport til Store Ringheim
PLENUM
Felles fagleg samling på Store Ringheim
LUNSJ
Lunsj på Store Ringheim
Heimreise
Transport til Voss Stasjon
Tog frå Voss
Heimreise
Kontakt oss for konseptet!