Verktøykasse

Profesjonelle vossingar

Ei heilårleg haldning til kvalitet, respekt for bygda og eit smilande velkomen – det er dette som definerar den profesjonelle vossingen.

Treng du hjelp med å planlegge og gjennomføre arrangementet ditt på Voss?

Fotograf: Åsmund B. Aarsannd

Ekstremsportveko

Ekstremsportveko tilbyr skreddarsydde event for bedrifter, både under Ekstremsportveko og resten av året.

SPRiLT

SPRiLT

SPRiLT er spesialistar på å planlegge og gjennomføre arrangement på Voss. Dei kjenner konsepta i denne portalen godt og kan hjelpe deg å både tilpasse og gjennomføre dei.

Voss Active - Event og konferanse

Voss Active

Voss Active set saman aktivitetspakker for bedrifter som planlegg ei samling på Voss, slik vi har gjort det for Telenor, ExxonMobil, Byggmesterforbundet, Statens Vegvesen m.fl.

Transport

For bedrifter og større grupper er toget til Voss ein ideell reisemåte – komfortabelt, miljøvennleg og enkelt for alle deltakarar. Toget gjer reisa stressfri og inspirerande, med nydelege landskap som gir ein god start på gruppeturen.

Direkteruter for grupper på tog:
Voss ligg på Bergensbanen, som gjer det enkelt å reise direkte både frå Oslo og Bergen. Vy tilbyr gode gruppeløysingar med plassreservasjon og ekstra tilrettelegging ved behov. Med godt seteutval og servering om bord, kan deltakarane slappe av og sosialisere på vegen.

  • Frå Bergen: ca. 1 t 10 min – Eit raskt og effektivt alternativ for ei bedrift på Vestlandet.
  • Frå Oslo: ca. 5 t 25 min – Reisa frå Oslo gir tid til møte, mingling eller ein god pause på toget.

Praktiske fordelar for grupper på tog:

  • Grupperabattar og reserverte seter: Vy tilbyr rabattar for grupper, og ein kan reservere eige område for å sikre at alle sit samla.
  • Miljøvennleg: Toget er det mest berekraftige valet til Voss, perfekt for bedrifter som vil redusere miljøavtrykket.
  • Fasilitetar om bord: Med gratis Wi-Fi, strømkontaktar og høve til å bestille mat og drikke på førehand, kan reisa nyttast til både arbeid og avslapping.
Aurlandsdalen_fl18654_Foto_Sverre_Hjornevik_opt

Bærekraft og miljø

Voss er bygd for bærekraft. Alle konsepta i denne portalen har lågt miljøavtrykk og tek omsyn til naturen.

Voss herad har laga ein praktisk rettleiar for planlegging av små og store arrangement i heradet. Her finn du informasjon om korleis du går fram for å innhente løyve frå grunneigar, politiet og vegeigar, samt når du må melde frå til brannvesenet. Rettleiaren tek også for seg reglar knytt til skjenkeløyve, servering av mat, lydnivå, støy og nabovarsel.

For større arrangement er det utarbeidd ei hugseliste med nyttige tips og sjekkliste for trygg og vellykka gjennomføring. Samla gir rettleiaren mykje nyttig informasjon frå kommunen for å støtte deg i alle fasar av arrangementplanlegginga.

raftingvoss (1 av 4)