Arrangement basert på det Voss er best på.
Aktivitetar:
Voss Active har sidan 1992 ordna aktivitetsprogram for bedrifter og organisasjonar med særs gode tilbakemeldingar. Vi har våre eigne aktivitetar som rafting, klatrepark, fosserappellering og teambuilding, men vi samarbeider med alle aktivitetsleverandørane på Voss og kan tilby vindtunnel, fallskjermhopping, paragliding, sykkel-, fjell- og skiturar. Vi kan også ordne matlagingskurs, yoga og kulturvandring.
Korleis:
Saman med dykk set vi opp ein aktivitetsmeny ut frå ynskje, antal og budsjett. Vi lagar eit komplett program med logistikk og tidsplan som høver saman med overnatting, servering og anna program de planlegg. Vi er gode på å lage eit program som flyt godt.
Gjennomføring:
Vi ordnar all kommunikasjon og fakturering med underleverandørar. Vi har transportløyve med fleire bussar og har fullt fokus på tryggleik og naudsynte løyver.
Profesjonelt, erfaring, trygt.
Voss Active er eit stort aktivitetsfirma med eigen administrativ stab og dyktige instruktørar. Selskapet er miljøsertifisert og medlem av Reisegarantifondet.