EVENT KONSEPT

Strategisk Topptur

Skreddarsydd for strategisamling. God balanse mellom arbeid og opplevingar.

Plenum: 30

Ein tur med klart formål
frå lunsj til lunsj - 2 overnattingar

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Strategisk Topptur

Fokus på riktig spor

Denne turen er retta særskild mot dei som treng å komme vekk frå kvardagen og jobbe fokusert og effektivt. Frå lunsj til lunsj over to dagar går det slag i slag med store naturopplevingar, plenumsmøter, gruppearbeid, god mat og sosiale avbrekk. De bur på dei to mest eksklusive hotella på Voss - Elva Hotel og Store Ringheim, og begge hotella er reservert eksklusivt for dykk gjennom opphaldet

 

Det starter med felles agenda

De kjem til Voss med toget, og møtast på Store Ringheim for ein heilskapleg og vellaga lunsj. Etterpå startar de arbeidet med å sette agenda for samlinga i fellesskap, og stake ut ein felles kurs. Etter samling transporterast dei som skal bu på Elva Hotel dit, og sjekkar inn. De arbeider i grupper utover ettermiddagen, før de samlast til mottaking og felles middag på Elva om kvelden. Her kan de nyte utsikt, gode samtalar og refleksjonar medan de ser utover Lundarvatnet og elveosen.

 

Strategisk opptur

Etter ei eksepsjonelt god natts søvn ventar ein bedre frukost på begge hotella. Så er det på tide med eit eventyr der tankane kan få bli med på vandringa. Wild Voss byr på ein strategisk opptur med lunsj i naturen, stor utsikt og medbrakt innsikt. Med gode fjellsko på beina og strategien nederst i sekken, blir det mange anledningar til gode samtalar. På sommartid kan me svinge innom eit fjellvatn for eit friskt bad, og på vinterstid kan turen gå med truger eller ski. Ekspedisjonen tilpassast sjølvsagt etter evne og eventyrlyst, og bli så kort eller lang som de sjølv ynskjer.

VossResortfotoA_opt_5
Foto Giske Berland

Stovebyte

Vel tilbake på hotellet ventar ein god dusj før Store Ringheim diskar opp med eit felles gilde av dei sjeldne. Ei mottaking med smak av Hardanger startar kvelden i utestova med nydeleg utsikt over liene ikring. De får ein meny av mat laga med ekte kjærleik, der kortreiste smakar frå både vill og tam natur er på tallerkenen. De samlast til drøs og gode samtalar på låvebrua med noko godt i glaset og fri flyt av idéar. Når kvelden går mot slutten ventar transporten til Elva, og de kan lada opp med enno ei god natt i frisk vossaluft.

Den siste morgonen samlast de att på Store Ringheim til oppsummering og vedtak for vegen vidare. Ein god og heilherta lunsj runder av opphaldet, før heimturen går på skinner.

Om konseptet

Dette konseptet passar spesielt godt for strategisamlingar i større selskap, all-hands samlingar for mindre bedrifter, stiftingar, offentlege etatar og andre som treng å komme vekk for å halde alle i riktig fokus eit par dagar.

Elva Hotel og Store Ringheim ligg ein 5-minutts køyretur unna kvarandre - og vil du lufta tankane til fots er det både utsikt og innsikt å hente på vegen.

Tilsaman har Elva og Store Ringheim 29 unike hotellrom - og dersom de er gode vener og vil dele rom, så har dei senger til fleire. Opphaldet kan sjølvsagt utvidast til fleire dagar, og timeplanen kan tilpassast etter behov. Elva Hotel og Store Ringheim har ei rekke kvalitetar som verkeleg er i særklasse, og med fleire stovebyte undervegs byr dette programmet på perfekte rammer for ei inspirert, produktiv og opplevingsrik samling.

Overnatting på desse hotella

Dag 1

REISE

Tog til Voss

Lunsj

Transport og LUNSJ på Store Ringheim

PLENUM

Strategisesjon på Store Ringheim

INNSJEKK

Innsjekk på Store Ringheim

Transport og innsjekk på Elva Hotel

GRUPPER

Arbeid i grupper på Store Ringheim og Elva Hotel

FELLES MIDDAG PÅ ELVA

7-retters meny på Elva Hotel

Returtransport til Store Ringheim

Dag 2

FROKOST

Frokostar på Elva Hotel og Store Ringheim

AKTIVITET

Topptur med Wild Voss og lunsj i naturen

EGENTID

Retur til hotella for omkledning

STOVEBYTE: MIDDAG PÅ STORE RINGHEIM

Mottakelse på Store Ringheim med sidersmaking frå Ulvik i Hardanger

Heilhjarta middag på Store Ringheim

Returtransport til Elva Hotel

Dag 3

FROKOST

Frokostar på Elva Hotel og Store Ringheim

Utsjekk for dei som bur på Elva

PLENUM

Felles samling og avrunding på Store Ringheim

LUNSJ

Felles lunsj på Store Ringheim

UTSJEKK OG AVREISE

Retur til Voss Stasjon

Retur med tog

Strategisk Topptur

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.