EVENT KONSEPT

Fot i bakken

Eit effektivt og opplevingsrikt event, perfekt for fornya motivasjon og samhald.

Plenum: 50

Opplevingar og samhald
frå ettermiddag til ettermiddag - 1 døgn

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Fot i bakken

Opplevinga som samlar

Dette eventet er effektivt, opplevingsbasert og byr på store naturopplevingar. Det passar godt for små til mellomstore bedrifter som treng eit avbrekk, fornya motivasjon og eit felles høgdepunkt å samlast rundt. Eit døgn på tur saman med gode kollegaer, med fokus på samhald og felles opplevingar, er ei super feiring av god innsats - og samtidig god motivasjon for neste kapittel.

 

Med Flåmsbana til Myrkdalen

Turen startar med ein togtur til Myrdal Stasjon, som ligg heile 866 meter over havet. Derifrå går det vidare med den ikoniske Flåmsbana, som tek dykk trygt ned til havnivå gjrnnom Flåmdalen, forbi fossar og fjellsider og rett inn i det vestlandske fjordlandskapet. I Flåm ventar bussar som tek dykk med til fantastiske Myrkdalen Hotel. Ved ankomst til hotellet møter de ei smakfull mottaking med gode dråpar i glaset. Kvelden byr på eit eksklusivt måltid og god underhaldning, der de også kan setje ekstra pris på utvalde medarbeidarar med eige innhald frå scena.

Aktivitetsmeny

rafting-voss-active

Rafting

Eventyrleg meistring i elva med Voss Active

Foto Sverre Hjørnevik

eBike med utsikt

Sykling med superkrefter

Opptur og nedtur med begeistring

 

KORT FORTALT

Dag 1

REISE

Reise til Myrdal med tog

OPPLEVING

Flåmsbana frå Myrdal til Flåm

REISE

Buss frå Flåm til Myrkdalen

MOTTAKELSE OG INNSJEKK

Mottakelse på Myrkdalen Hotel med smakar frå Ulvik i Hardanger

FESTMIDDAG OG UNDERHOLDNING

Festmiddag med lokal meny og underhaldning

SOSIALT

Festen fortsetter i Salto Bar eller Pudder på Myrkdalen Hotel

Dag 2

FROKOST

Frokost på Myrkdalen Hotel

AKTIVITETSMENY med lunsj i naturen

eMTB i Myrkdalen med Outdoor Norway

Rafting med Voss Active

RETUR TIL HOTELLET

Retur til Myrkdalen Hotel for omkledning og utsjekk

Heimreise

Buss til Voss Stasjon

Tog frå Voss

Fot i bakken

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.