EVENT KONSEPT
Naturleg motivert
Eit eksepsjonelt event som samlar laget med naturlege drivkrefter
Trekk pusten før neste kapittel
Dette er det naturlege eventet for stor utvikling! Med fokus på motivasjon og kulturbygging er dette konseptet laga for å styrke laget og samle kreftene til nye utfordringar som ventar. Felles opplevingar i spektakulær natur og avslappa og sosial atmosfære er drivarane som får magien til å skje.
Ei perle i seg sjølv
Myrkdalen ligg perfekt til for seg sjølv, midt i mellom ekstremsportbygda Voss og det majestetiske landskapet langs Sognefjorden. Eit meir naturleg utgangspunkt for å feire kvarandre og oppleve spektakulær natur i lag skal du leite lenge etter.
Som base for dei mange opplevingane som ventar er ein tipileir i Myrkdalen, der gode måltid og strategisk utvikling kan delast i frisk luft og med sus av villmark.Med moderne fasilitetar like ved er ikkje vegen lang til tørre sokkar og ein varm dusj. De overnattar sjølvsagt komfortabelt på Myrkdalen Hotel og i leiligheter som ligg tett på hotellet, og får dermed det beste frå inne og utelivet. Ei motiverande og ikkje minst samlande event for bedrifta som skal feira suksess og samtidig rigge laget for nye utfordringar!
OPPSUMMERING
Myrkdalen
Frå Voss stasjon går turen vidare til magiske Myrkdalen med bussar. Turen tek omlag 40 minutt og går gjennom fine naturlandskap. Vel framme i Myrkdalen er det innsjekk på hotellet, og i leiligheiter som ligg like ved. Etter innsjekk er det lunsj på Myrkdalen Hotel med gode, lokale råvarer og smakar på menyen.
Ut i naturen
Frå lunsj deler gruppa seg og går laus på ein spektakulær aktivitetsmeny. Her er padling i havkajakk mellom majestetiske fjell i Sognefjorden og stisykling i det beste offroad-sykkelterrenget i landet på tilbod for dei som vil utfordre seg, medan guida fotturar i storslått natur, ølbrygging på gamlemåten og smaking av Hardangersider er garantert å gje meirsmak for dei med andre interesser.
Tipileir
Tilbake frå aktivitetar ventar ein varm dusj og eit klesskift for nokon, før de samlast i ein tipileir i Myrkdalen for sosial samankomst og ein kveld med tradisjonsrik mat laga over bålet. Leiren dannar rammene for ein laus og sosial kveld med gode samtalar og styrking av sosiale band og fellesskap. Etter at gode samtalar er runda av og bålet brenn ut, er det tid for ei god natts søvn i gode senger, med frisk fjelluft og lyden av natur frå utsida.
Avslutning med Flåmsbana
Neste dag ventar tipileiren med ei plenumssamling for fagleg styrking og strategiske mål. Med fjelluft i lungene og knitring frå bålet får ord djupare meining, og kjensla av å vera saman om å overvære noko ekstraordinært heng i lufta. Med strategien satt er det tid for å samle laget til Meistermøte. De får utfordra evne til samarbeid og kreativ problemløysing, og får sett samhaldet i gruppa på prøve.
Opphaldet i Myrkdalen rundast av med lett servering, og avreise til Flåm med bussar går frå hotellet like etter. Frå Flåm tek de den ikoniske Flåmsbana opp til Myrdal og får ei togreise utan sidestykke i heile verda på veg heim. Frå Myrdal tek de Bergensbanen tilbake til kvardag og sivilisasjon, motiverte og opplada med friskt mot til å ta fatt på utfordringane som ventar.
KORT FORTALT
Dag 1
REISE
Reise til Voss med tog
Reise til Myrkdalen med buss frå Voss Stasjon
INNSJEKK OG LUNSJ
Innsjekk på Myrkdalen Hotel (og evnt i leiligheter like ved)
Felles lunsj på Myrkdalen Hotel
Aktivitetsmeny
Flyging i vindtunnelen med Voss Vind
Aktivitet 1
SYKLING
HAVKAJAKK
FJELLTUR
SMAK
Sykling i Myrkdalen med Outdoor Norway
Havkajakk i Sognefjorden med Outdoor Norway
Guida fjelltur med Wild Voss
Ølbrygging med kveik og smaking av Hardangersider
EGENTID
Retur til hotellet for dusj og omkledning
MIDDAG I TIPILEIREN
Middag og villmarksfest i tipileir
Dag 2
FROKOST
Frokost på Myrkdalen Hotel
PLENUM
Fagleg program i tipileiren
LUNSJ
Lunsj servert i tipileiren
LAGBYGGING
Fellesaktivitet og kreativ problemløysing med Meistermøte
UTSJEKK OG TRANSPORT
Utsjekk og reise til Flåm med bussar
OPPLEVING
Togtur med Flåmsbana frå Flåm til Myrdal
Heimreise
Heimreise med tog frå Myrdal
Kontakt oss for konseptet!