EVENT KONSEPT
Best i motvind
Eit aktivitetsbasert program med både utfordringar og motivasjon for alle. Avsluttast med eit herremåltid.
Eit solid løft for laget
Denne turen er ei real vitamininnsprøyting! Med eit mangfaldig, sosialt og opplevingsrikt program frå morgon til kveld, er alle garanterte å få utbytte i rause porsjonar. De har heile Vandrarheimen for dykk sjølve under opphaldet, som ligg fantastisk til ved Vangsvatnet like ved Voss sentrum.
Grilling, strand og badstu
De reiser til Voss med toget etter endt arbeidsdag, og vandrar saman den korte turen frå stasjonen til Vandrarheimen. Her sjekkar de inn, og slappar av utover kvelden med laus stemning, grilling av lokale beist og fyr i peisen viss det regnar. Vangsvatnet ligg og lokkar med eit bad, og med vedfyrt badstu og strandlinja heilt for dykk sjølve er det lett å la seg frista. SUP-brett ligg klare ved vatnet og byr på ein liten ekspedisjon for dei med god balanse.
Med lause rammer og gode møteplassar er dette eventet perfekt for små og mellomstore bedrifter som vil samle laget og motivere, men er også midt i blinken når du ynskjer å utfordre dei tilsette med ei aktiv oppleving som byr på flust av kortreiste smakar og lokalt særpreg.
Vindtunnel, terrengsykkel eller havkajakk
Neste morgon startar dagen med ein heilskapleg frukost med kortreiste og økologiske råvarer, og ein kopp god kaffi på terrassen med utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Deretter ventar ein dag full av aktivitetar, delt i to bolkar – før og etter lunsj – der du sjølv vel kva du vil gjera i kvar økt. Du kan fly fritt i Voss Vind, landets fyrste vertikale vindtunnel, der dyktige instruktørar gir deg ein luftig og morosam utfordring. Du kan gli stille fram på Vangsvatnet i havkajakk med Vått og Vilt, omgjeven av fjell og himmel. Eller du kan utfordra deg sjølv på terrengsykkel gjennom det fantastiske stinettverket i Bømoen med Outdoor Norway. Aktivitetane passar for ulike nivå og kan tilpassast slik at du får både meistring og eventyr – akkurat slik du ønskjer.
Herremåltid på Store Ringheim
På ettermiddagen ventar kanskje eit bad i Vangsvatnet, før ein god dusj og omkleding til festmiddag. De skal nemleg vidare til Store Ringheim, eit sjelfullt ombygd gardstun, som no er botiquehotell med ein særdeles heilhjarta restaurant. Med utsikt over heile bygda får de ei eksklusiv sidersmaking frå Ulvik ved ankomst. Etterpå guidar det fantastiske vertskapet dykk igjennom ei reise med handplukka råvarer og ville smakar på tallerkenen. Etter middagen har lagt seg til ro trekk de attende til Vandrarheimen og rundar av dagen foran peisen eller med ein kveldsdukkert, eller kanskje ein drøs utover natta med gode kollegaer på terrassen.
Gode møteplassar
Med lause rammer og gode møteplassar er dette eventet perfekt for små og mellomstore bedrifter som vil samle laget og motivere, men er også midt i blinken når du ynskjer å utfordre dei tilsette med ei aktiv oppleving som byr på flust av kortreiste smakar og lokalt særpreg.
Dag 2
Frukost
Med lokale råvarer
Aktivitetar
Vindtunnel
Sykling
Havkajakk
Lunsj
Felles lunsj
Aktivitetar
Vindtunnel
Sykling
Havkajakk
Middag på Store Ringheim
Et herremåltid bygd på lokale råvarer
Tilbake på Vandrarheimen
Kveldsbad eller drøs rundt peisen
Dag 3
Frukost
Heimreise
Tog frå Voss
Kontakt oss for konseptet!