EVENT KONSEPT

Med sekken full av endring

Eit event som skapt for å sette kursen på ny

Plenum: 180

For selskapet som skal vidare
Frå ettermiddag til morgon - 2 overnattingar

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Med sekken full av endring

Ein tur i riktig retning

Dette eventet flettar saman lokal kultur og natur, festlege høgdepunkt og strategisk tyngde på meisterleg vis. Det passar ekstra godt for bedrifta som har nye utfordringar i vente, med ein struktur som både samlar laget og gir rom for refleksjon og omstilling. Programmet har eit tydeleg fokusert midtpunkt i det innhaldet de sjølv tar med, og er som skapt for å sette kursen på ny.

 
Siderplanke_1_AnnaO.Tokheim_opt

Smaken av Hardanger

De kjem til Voss på ettermiddagen, og blir møtt med den sprudlande smaken av Hardanger ved ankomst. Ein avslappa og sosial minglemiddag på Scandic ventar, med rom for gode samtalar og venskapeleg drøs. Med rolege rytmar i bakgrunnen og god flyt i mellom borda flyg timane fort avgarde.

Kreativ problemløysing

Neste dag startar med ein god frukost, etterfulgt av eit strategisk eller fagleg program på Kulturhuset på formiddagen. Med den nye strategien eller ventande utfordringa godt belyst, er det på tide med ein god lunsj.  Etterpå ventar kreativ problemløysing og felles utfordring i Meistermøte, der ulike problem og utfordringar skal løysast i grupper etter beste evne.

Foto: Vossamoro
Screenshot 2024-06-12 at 00.13.04

Middag på Hangurstoppen

Etter litt eigentid ventar ein innhaldsrik kveld på toppen av bygda. Gondolbanen tek dykk opp til Hangurstoppen 818 meter over havet, der panoramautsikt over solnedgangen dannar bakteppet for eit storstilt gilde. Med lokale råvarer på tallerkenen og gode dråpar i glasa, går praten lett mellom nye og gamle kollegaer rundt bordet.

Feiring i endring

Med energisk og livleg underhaldning frå scena sitt latteren laust og dansefoten lausare. Sjefen takkar for innsatsen og motiverer til ny - kanskje ei spesiell utmerking ventar til eksepsjonelle ansatte? Det svingar frå scena og huset deler seg gradvis i drøs og dans. Heile fjellet er dykkar for ein kveld, og når festen ebbar ut rundar gondolen av gildet med ein tur i roleg panoramautsikt over bygda.

vishnu-r-nair-m1WZS5ye404-unsplash
 

Best på dette

Dette unike programmet er laga for å både feire og motivere, byr også på ein struktur som gjer det ideelt for eit selskap som står foran endringar. Med fleire sosiale møte og eit tydeleg fagleg midtpunkt, er scenen satt for å gjere opp status, sette kursen på ny, og hjelpe til med å få alle til å dra lasset i samme retning. Anten det er strategiske, strukturelle, kulturelle eller andre typar endringar de står foran så er dette eventet eit fantastisk utgangspunkt og ramme å bygge på.

Screenshot 2024-06-12 at 01.06.16

Dag 1

REISE

Reise til Voss med tog

INNSJEKK

Innsjekk på Scandic Voss på ettermiddagen

SIDERSMAKING

Smaksoppleving frå Ulvik i Hardanger

Dag 2

Frokost

Frukost på Scandic

PLENUM

Fagleg program på Voss Kulturhus

LUNSJ

Felles lunsj på Scandic Voss

Lagbygging

Kreativ problemløysing og utfordringar i grupper med Voss Active

EGENTID

Tid til refleksjon og omkledning

GONDOL

Gondol til Hangurstoppen 818 m.o.h

VELKOMST

Gyldne dråpar frå Ulvik i Hardanger på toppen av Voss

FESTMIDDAG OG SHOW

Festmiddag på Hangurstoppen Restaurant med show og underhaldning

Dag 2

Frokost

Frokost på Scandic Voss

Utsjekk og avreise

Utsjekk og heimreise med tog

Med sekken full av endring

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.