EVENT KONSEPT

Mellom bobler og berg

Eit effektivt event for spektakulær feiring, tettpakka med aktivitetar

Plenum: 150

Til topps med topplaget
frå kveld til frukost - 2 netter

Kan utvidast: Ja

Heim » Event »  Mellom bobler og berg

Maksimalt utbytte

Dette er eventet som belønner og begeistrar! Ein tettpakka dag med spektakulære og utfordrande aktivitetar, etterfulgt av ei storslagen feiring med eksepsjonell mat, awards, eventfilm frå dagprogrammet og feiring til seint. Eit svært tidseffektivt event for travle selskap. Her held me ikkje tilbake på noko som helst!

 
Foto Øivind Haug

Opplading

De kjem til Voss etter endt arbeisdag og sjekkar inn seint. Ein drøs med gode kollegaer i baren er lov, før du ladar opp til ein real råtass av ein dag som ventar i morgon. Frå stisykling i fantastisk sykkelterreng, til nedoversykling med skiheis opp igjen og guida fjellturar for fjellgeiter eller naturnære fjellturar for folk flest. Her finst noko på menyen for alle og einkvar, og felles for alle aktivitetane er at dei byr på både meistring og store naturopplevingar i lag med andre. De et lunsj på tur, og på aktivitetane får de selskap av filmfotografar som fangar dei magiske augneblinkane, adrenalinet og samhaldet.

Aktivitetsmeny

Ein kveld utan sidestykke

Etter ein velfortent dusj ventar ei mottaking utanfor Vossasalen med smaking av franske dråpar og tilbakelente rytmar. Vidare går kvelden inn i ein storstilt festmiddag med kjente artistar på scena, awardshow til utvalde medarbeidarar og ikkje minst visning av filmen frå dagens aktivitetar. Vossingar er kjende for å feira både godt og grundig, og denne kvelden set ein ny standard - sjølv for ei bygd som har feira fleire skisportmedaljar enn nokon andre i heile verda.

Vel i seng kan du nyte ei god natts søvn, før ein solid frukost tek i mot deg i restauranten neste morgon. Nye utfordringar ventar, og me rundar av opplevinga med ei minnerik heimreise etter utsjekk.

 

KORT FORTALT

Dag 0

Reise

Reise til Voss med tog

Innsjekk

Innsjekk på Park Hotel Vossevangen

Dag 1

Frokost

Frokost på Park Hotel Vossevangen

TRANSPORT

Buss til utfartspunkt (fotturar)

Aktivitetsmeny
Fjelltur for folk flest med Wild Voss
Fjelltur for fjellgeiter med Wild Voss
eMTB sykling med Outdoor Norway
Nedoversykling med Outdoor Norway
LUNSJ

Lunsj på tur

TRANSPORT

Retur med buss til hotellet (fotturar)

Eventuell busstransport (topptur/randonée med nedfart i andre dalar)

EGENTID

Dusj og omkledning på hotellet

CHAMPAGNEVELKOMST

Velkomst med meirsmak på Park Hotel Vossevangen

FESTMIDDAG

Middag i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen med underholdning, awards og show

Dag 2

Frokost

Frokost på hotellet

UTSJEKK OG AVREISE

Utsjekk og heimreise med tog frå Voss Stasjon

Mellom bobler og berg

Kontakt oss for konseptet!

Please enable JavaScript in your browser to complete this form.