EVENT KONSEPT
Fot i bakken
Eit effektivt og opplevingsrikt event, perfekt for fornya motivasjon og samhald.
Opplevinga som samlar
Dette eventet er effektivt, opplevingsbasert og byr på store naturopplevingar. Det passar godt for små til mellomstore bedrifter som treng eit avbrekk, fornya motivasjon og eit felles høgdepunkt å samlast rundt. Eit døgn på tur saman med gode kollegaer, med fokus på samhald og felles opplevingar, er ei super feiring av god innsats - og samtidig god motivasjon for neste kapittel.
Med Flåmsbana til Myrkdalen
Turen startar med ein togtur til Myrdal Stasjon, som ligg heile 866 meter over havet. Derifrå går det vidare med den ikoniske Flåmsbana, som tek dykk trygt ned til havnivå gjrnnom Flåmdalen, forbi fossar og fjellsider og rett inn i det vestlandske fjordlandskapet. I Flåm ventar bussar som tek dykk med til fantastiske Myrkdalen Hotel. Ved ankomst til hotellet møter de ei smakfull mottaking med gode dråpar i glaset. Kvelden byr på eit eksklusivt måltid og god underhaldning, der de også kan setje ekstra pris på utvalde medarbeidarar med eige innhald frå scena.
Opptur og nedtur med begeistring
KORT FORTALT
Dag 1
REISE
Reise til Myrdal med tog
OPPLEVING
Flåmsbana frå Myrdal til Flåm
REISE
Buss frå Flåm til Myrkdalen
MOTTAKELSE OG INNSJEKK
Mottakelse på Myrkdalen Hotel med smakar frå Ulvik i Hardanger
FESTMIDDAG OG UNDERHOLDNING
Festmiddag med lokal meny og underhaldning
SOSIALT
Festen fortsetter i Salto Bar eller Pudder på Myrkdalen Hotel
Dag 2
FROKOST
Frokost på Myrkdalen Hotel
AKTIVITETSMENY med lunsj i naturen
eMTB i Myrkdalen med Outdoor Norway
Rafting med Voss Active
RETUR TIL HOTELLET
Retur til Myrkdalen Hotel for omkledning og utsjekk
Heimreise
Buss til Voss Stasjon
Tog frå Voss
Kontakt oss for konseptet!
Neste morgon startar med aktivitetsmenyen like etter frukost. De deler dykk i to grupper, der ei gruppe startar rett frå hotellet med sykkel og den andre vert henta med buss. Myrkdalen er eit eldorado for MTB-entusiastar, med fantastiske ruter og variert terreng like utanfor hotellet. Voss er kjend for å by på nokre av dei beste raftingelvene i landet. Begge aktivitetane byr på utfordringar både for den enkelte og for laget, og er lågterskelaktivitetar som passar for alle. Gruppestorleikane er fleksible. De får servert lunsj på aktiviteten, og returnerer til hotellet på ettermiddagen for ein dusj og utsjekk etterpå. Returen går med buss til Voss Stasjon, og vidare på skinner tilbake til kvardagen.